Del artikkel: Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someonePrint this page

Linda Eide reiser på kryss og tvers i vårt landsstrakte land denne sommeren i jobben med tv-programmet Norsk attraksjon.

Alder: 41

Gjør til daglig: Skriv manus til Norsk attraksjon, og frå og med onsdag og ei veke frametter skal me setja dei ut i live og gjera opptak på Sunnmøre, Gudbrandsdalen og Sogn.

Akkurat nå befinner jeg meg?
I heimen i Bergen foran tastatuet og svarar etter best evne på desse finurlege sommarspørsmåla som det gjeld å svara noko artig og sommarsleg på.

Hvor svett er du akkurat nå?
Det er meldt dårleg vær og det gjer meg sveitt. Me treng godvær og atter godvær når me skal sjøsetja gamle redningsbåtar, bada i jordbær, praia ferjer og testa ut Noregsrullen i Aasentunet.

Hvor skeiv er sommeren din?

Ingen praydar, ingen gay gamesar om det er slikt ein reknar på. Men mykje halde handa med frugan i fleire land, så det får rekka.

Ditt sommerparadis?
Moensvatnet, også kalla fram på Demmo (Nærbadevatnet heima på Bjørgum, Voss)

Hit drar jeg aldri tilbake?
Nigardsbreen. Mista grepet der midt på åttitalet og var ein hårsbreidd og ein pinne i vegen frå døden.

Beste sommerlåt?
Hjørdis med H. av og med Finn Erix.

Hva leser du?
Dag og Tid og ei bok om Franrike og alt om etappane i Tour de France.

Din heteste sommerflørt?
Pass.

Hvem ville du helst hatt med deg på den øde sommerøya?
Bror min, og eg skulle ha banka han i badminton kvar dag.

Mat og drikke?
Kald turr kvitvin, kalde franske østers, fyrst det eine så det andre.

Hva er du minst opptatt av om sommeren?
hoggorm.

Favoritt fritidssyssel om sommeren?
bada.

Hva bader du i?
Helst fram på Demmo, men også gjerne i sjø, og aller helst i fred og ro.

Klarer du virkelig å slappe av?
Eg har aldri tenkt på sommaren som ei tid for å slappa av, det er tida for full fres. Greier i alle fall ikkje å sitja i ro då.

Hvor homopolitisk føler du deg om sommeren?
Meir enn vanleg, kanskje fordi ein då får tid til å tenkja på andre enn seg sjølv og på uretten i verda.
Å vera fødd i Noreg er som å ha vunne i det internasjonale homolotteriet, det tenkjer eg ofte på og altså særleg om sommaren.