Del artikkel: Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someonePrint this page

–Ta ein tur til Berlin og sjå Julian Rosefeldt si utstilling «Manifesto». Cate Blanchett i 13 kortfilmar i eitt rom. Galleri Hamburger Bahnhof, sier Linda Eide. –Du har noko å tenkja over og snakka om i lange tider. Og uansett kor mykje eller lite ein forstår av dei særs intellektuelle tekstutdraga, så er kvar film ei visuell nyting, og det er uhyre fascinerande å sjå ein skodespelar i så mange ulike roller etter kvarandre. Og lydlegginga er fenomenal. Og når ein fyrst er i Berlin, er det jo alltid like fint å halda nokon i handa på Brandenburger Tor, som det var i går (1990), sier Eide til Blikk Nett.

Linda Eide er et kjent og kjært NRK-ansikt, journalist og forfatter. I 2012 fikk hun Gullruten for beste programleder for serien «Norsk attraksjon», som gikk på NRK fra 2007 til 2012. Programmet presenterte attraksjoner du ikke finner i guideboken. Sammen med Kristin Hegeland Hauge har Eide gitt ut boken «Norsk attraksjon» med undertittel «Guiden til det du ikkje finn i guideboka», en guidebok til attraksjonene vist i programmene. I 2015 var Eide programleder for «Smæsj», der hun undersøker fødestedet til ulike idretter.

Onsdag 11. mai finner du Linda Eide på Litteraturhuset i Oslo, der hun sammen med Sjur Hjeltnes presenterer «La la la det swinge oj oj!». Eide (snakk og blokkfløyte) og Hjeltnes (piano og snakk) tar oss med til MGP-melodier og episoder som sier noe om vår nære europeiske kulturhistorie, politiske historie og språkhistorie.

Linda Eide

–Hvilken type kulturopplevelser er du mest glad i?
–Det meste. Blitt mindre glad i svære, folkerike konsertar. Kanskje meir glad i teater enn før. Og definitivt meir glad i å gå i galleri å sjå utstillingar. Men mest glad er eg uansett i Vossa Jazz. Kvalitetsmusikk og stemning i tre dagar. Nestmest glad er eg i Litteratursymposiet i Odda. Dei greier å få litteraturen ned på jorda og moroa opp i skyene. Og tredjemest glad er eg i TIFF, Tromsø internasjonale filmfestival. Gode filmar, enormt god stemning.

–Hva er skeiv kultur for deg?
–Den skeive kulturen set den vedtatt rette sanninga på plass. Det er kanskje det nærmaste eg kjem svaret på det vanskeleg spørsmålet. Det er jo eit litt diffust/ukonkret omgrep, samtidig som det er eit godt omgrep fordi det rommar så mykje og lite som ein legg i det sjølv. Eg såg et russisk stykke på Brechtteateret for to veker sidan, «der Selbstmörder», for meg var det ekstremt skeivt. Det greip tak i ytterkantane av det meste; legning, politikk, familie, samfunn, religion, moral, prinsipp. Og det var hysterisk morsomt sjølv om eg berre forstod halvparten av den tyske dialogen. Men eg forstod at det var skeivt. Og at det sette vedtatte sanningar på plass.

–Hva har vært din beste kulturopplevelse?
–Nesten umuleg å svara på, men eitt høgdepunkt eg aldri gløymer er tingingsverket til Arild Andersen på Vossa Jazz i 1990, SAGN. Eit samarbeid med kvedaren Kirsten Bråten Berg frå Setesdal. No er det vanleg å kobla jazz og folkemusikk, då var eit slags fyrste gongen. Eg hugsar at alle i Voss idrettshall reiste seg heilt spontant og klappa som galningar då det var slutt. Er ikkje så ofte ein får ei kjensle av å ha opplevd noko heilt nytt, eit slags skilje i historia. Men ei slik kjensle hadde alle me som var publikum på den konserten.

–Og din verste?
–Tja, kanskje Van Morrison på Nattjazzen for ein god del år sidan. Den vart flytta utandørs (etter at billettane var lagde ut for sal) for å få plass til mest muleg folk. Når kvelden kom styrregna det, me stod i kø og vart kliss våte, og fraus. Og når han endeleg kom på scenen, gjorde han særs lite for å varma oss. Han likte ikkje regn han heller og gjekk av scena etter nokre få låtar. Det var min tredje Van Morrison-konsert, og eg trur ikkje han får fleire sjansar.