Kulturtipset

Publisert

– Eg er mykje meir glad i å synge i kor, enn å høyre på kor. Men gospelkoret HIM er masse god lyd frå flinke songarar. Det er skikkeleg liv og driv. Virkelig flinke folk. Det er umuleg å ikkje bli imponert og glad av å høyre på de, sier Unni Rabben, styreleder i Homofonien.     Gospelkoret HIM har julekonsert i Fagerborg kirke 12. desember. Unni Rabben er styreleder i Homofonien, som har julekonsert i Paulus kirke søndag 24. november kl 19. Homofonien er et blandet kor med homser, lesber og bifile, og har i dag 30 medlemmer.   

– Hvilken type kulturopplevelser liker du best?

– Jazz og klassisk og mykje forskjellig musikk eigentleg. Eller gode bøker. Balansekunst og Gifttreet toppar boklista for tida. Begge er bøker som har gjort noko med meg. Dei har fått meg til å sjå, i endå større grad, at Norge ikkje alltid har det rette synet på ting, dei beste verdiane eller den beste kulturen. Vi sit ikkje på fasiten på korleis ting skal oppfattast. Det finst så mange fine ting i andre kulturar, og andre gode og kloke verdiar.

– Hva er homokultur for deg?

– Det første eg tenker på er Paraden under Skeive Dager, den dagen vi er aller mest synlege. Vi demonstrerer, gjer uretten som mange av oss blir utsatt for synleg. Følg spesielt med på dei som går under Skeiv Verden si fane. Men Paraden er også sang og musikk og dans. Vi har kome langt her i landet når det gjeld homofile sine rettar. Så det er, med god grunn, også skikkeleg fest og feiring.

– Hva er din beste kulturopplevelse?

– Diana Krall på Konsgbergjazzen i sommar. Til fingerspissane gjennomført i alt ho gjorde. Flott musikk, og pen dame!  

– Hva er din verste kulturopplevelse?

– Generell hetsing av det nynorske skriftspråket. Eg opplever mykje meir hån og ondsinna kommentarar fordi eg er nynorskbrukar, enn det eg opplever som homofil.

Powered by Labrador CMS