«Jeg tror nok at Aasta Hansteen kanskje manglet sex-­appeal og it, hun var jo rent ut mannevond. Impulsiv var hun og hadde et barskt humør. Jeg har sett henne danse can-can med Randi Blehr i kvinnenes stemmerettsklubb, og det var grotesk!» [Frå boka «Byoriginaler og personligheter i Oslo»].

Peparmøy med pensel og pisk

Aasta Hansteen likte kvinner og treivst best med kvinner kring seg. Ho var mandig og sterk, ein kjønnsoverskridande feminist som kjempa for kvinner sine sosiale rettar.

Publisert Sist oppdatert

Men var Aasta Hansteen lesbisk? Det kan vi ikkje svare sikkert på, men det er ingen tvil om at ho følte seg meir vel og var meir intim i omgang med kvinner enn med menn. Aasta Hansteen var ein pioner på mange felt, mellom anna som profesjonell bildekunstnar. Alt som tjueåring reiste ho til København for å gå i målarlære og byrja snart å stille ut bilde, hovudsakleg portrettstudiar. I 1949 drog ho til Düsseldorf der ho slo seg saman med den to år yngre målaren Mathilde Smith (1826–1882).

Stor suksess opplevde Hansteen i 1855 då ho blei tatt ut til å representere Norge på verdsutstillinga i Paris. Her kom ho inn i eit større kvinnemiljø og blei særleg kjend med det norsksvenske kunstnarparet Christiane Schreiber og Sofie Ribbing.

I 1880 kjøpte Nasjonalgalleriet måleriet hennar av faren, Christopher Hansteen, som det første innkjøpte bilde av ein kvinneleg norsk målar.

Blenda av vakre kvinner

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Digital
1 måned

1,-

KJØP

Digital
12 måneder

699,-

KJØP

Digital + Magasin 12 måneder

798,-

KJØP

Powered by Labrador CMS