Turistsjef Alfhild Hovdan nyt ei brus på kaia i Oslo i 1968.

Turistsjefen

Alfhild Hovdan hadde kortklipt herresveis, slips og bein i nasen. Ho var ein uredd, idérik og kontroversiell turistsjef i Oslo i meir enn 40 år.

Publisert Sist oppdatert

Alfhild Hovdan

Født: 13. september 1904, Christiania

Død: 20. februar 1982, Oslo

Journalist, redaktør for tidsskriftet Film, filmskapar, og turistsjef i Oslo frå 1934 til 1976.

Aktiv i motstandsrørsla, flykta til Sverige i 1942.

I 1957 fekk ho Petter Dass-medaljen av Nordlændingernes Forening for sin innsats for nordnorsk turistnæring. Ho fekk òg Kongens fortenstemedalje i gull, St. Hallvard-medaljen og hausta fleire heidersteikn frå norske og utanlandske presseorganisasjonar.

Alfhild Hovdan var ei kvinne som levde i ei tid med strenge kjønnsrolleforventningar, men braut tydeleg og klart med dette gjennom klesstil og framtoning. Til tider var ho kontroversiell, men ho var dynamisk, idérik og ikkje redd for å seie kva ho meinte. Heller ikkje var ho redd for å skilje seg ut, denne store og tettbygde, litt mannhaftige kvinna med sin mørke, kortklipte herresveis, alltid kledd i eit mørkt skjørt og ditto jakke, kvit bluse og gjerne med eit slips i halsen.

Foreldra var magasinbetjent Peder Olsen og Nikoline Hovdan. Dei var på gjennomreise då Alfhild blei fødd i 1904 på Victoria hotell, hovudstadens ærverdige hotell, som låg på hjørnet Rådhusgata og Dronningens gate, som eit engelsk tidsskrift i 1888 hadde kåra til Europas beste. Med til skildringa av det fascinerande livet til denne myndige og maskuline reiselivskvinna høyrer altså at ho til og med blei fødd under ei reise.

Alfhild Hovdan voks opp på Nøtterø og i Skien som den nesteldste av fem søsken, alle med etternamnet Olsen. Mora sitt jentenamn, Hovdan, tok ho seinare.

Den travle turist- sjefen på sitt kontor i 1964.

Ho studerte journalistikk i Heidelberg i Tyskland og byrja tidleg å skrive artiklar om kunst, teater og film i aviser og blad, deriblant i kvinnebladet Urd. Etter artium heldt ho fram som journalist og frilansa òg for danske og svenske aviser. Ho drog til Stockholm og lærte seg å skrive svensk, pendla mellom dei to landa og leverte stoff både til norske og svenske aviser.

Gjekk til Roma

Provosert i 1928 av nokre svenske pressefolk som diskuterte bilismen, meinte Hovdan at det var mykje betre for ein turist å gå. Då såg og opplevde ein så mykje meir enn sitjande bak eit ratt. Diskusjonen endte med at ho skulle vise dei. Ho skulle gå til Roma slik som dei gamle pilegrimane gjorde: «Jeg skal gjerne gå selv, mine herrer! sa jeg.»

24 år gamal gjekk Alfhild Hovdan til Roma.Click to add image caption

Dette fortel ho i eit stort heime hos-intervju i Hjemmet i 1964. Og Hovdan gjorde nettopp det, ho gjekk til fots frå Stockholm til Roma iført grå ridebukser, svart silkeskjorte og cowboy-hatt. Ho gjekk over Alpane: «Der traff jeg en meget eksentrisk dame, hun hadde bygd seg villa over en foss og hadde to falker i bur som hun stadig matet med rått kjøtt. Det var et meget interessant bekjentskap. Hvorfor hun hadde innrettet seg på den måten skjønte jeg ikke riktig, men hun sa hun var lei livet i Roma.»

Lei rakk ikkje Hovdan å bli dei få dagane ho var i Roma, og høgdepunktet var audiens hos dåverande pave Pius XI. Sidan han hadde vore fjellklatrar, syntest han det var svært interessant å få besøk av ei dame som hadde gått over Alpane: «Sånne gå-heltinner var visst forresten ikke funnet opp den gang – i 1928», fastslo ho i intervjuet med Hjemmet.

Men då visste ho ikkje om landets første (kvinnelege) fotturist, den ugifte Catharina Hermine Kølle (1788 – 1859), som gjekk fleire turar frå Noreg til Europa, mellom anna gjekk ho i 1841 til fots frå Hardanger til Venezia. Medan Kølle fylte dagboka si med akvarellar, skreiv Hovdan reisebrev i dei to månadene turen varte til aviser og til Urd.

Redaktør og filmskapar

Saman med journalisten Caro(line) Olden som seinare blei sambuar med komponisten Pauline Hall, var Hovdan redaktør for tidsskriftet Film frå 1930 til bladet gjekk inn to år seinare. I denne perioden hadde Hovdan òg regiansvaret for tre korte dokumentarfilmar: «Hallo Oslo!» I og II, og «Norske kulturpersonligheter», filmar som blei viste som forfilmar på kino hausten 1931 og utover vinteren.

Ho var såleis ein pionér i norsk filmsamanheng, kanskje som Noregs første kvinnelige filmregissør. Filmane var blant dei første norske lydfilmane og rapporterer stemning og gateliv i hovudstaden med musikk og snakk. Dei to første er tilgjengelege på YouTube.

I 1933 var Hovdan dessutan med og laga spelefilmen «Min knapphullsblomst», basert på Edith Øbergs roman med same namn, forfattaren har skrive fleire bøker om nært vennskap mellom kvinner. Hovdan var regiassistent for den svenske regissøren Gustaf Molander. Filmen blei laga i to versjonar, ein svensk og ein norsk, med mellom anna Aase Bye og Tutta Rolf i rollene. Hovdan var aktivt med i arbeidet som personinstruktør i den norske versjonen. På svensk fekk filmen tittelen «En stilla flirt».

Som Turistsjef la Alfhild Hovdan ned grunnsteinen til det nye ungdomsherberget i Oslo i desember 1952.

«Rivjernet» og «Bulldozeren».

I 1931 blei Hovdan «headhunta» til sekretærjobben i den relativt nystifta Reisetrafikkforeningen for Oslo og Omegn, men berre i halv stilling. Det var ikkje nok; ho protesterte og hevda at ho måtte ha full stilling dersom ho skulle få gjort noko. Det fekk ho. Året etter blei Hovdan kontorsjef i foreininga og dermed Oslos første turistsjef, ein tittel ho sjølv fann på.

Som turistsjef kunne ikkje Oslo fått nokon betre enn Alfhild Hovdan. Ho fekk næringslivet med på det meste for å fremme Oslo som reisemål. Ho fekk næringslivet med på det meste for å fremme Oslo som reisemål. Sjølv kalla ho seg «Oslos viserpike», medan andre sette på henne tilnamn som «Rivjernet» og «Bulldozeren».

Alt på 30-talet stod ho i spissen for å velje Oslo-prinsesse, og i alle år var ho Oslo sin offisielle julenisse. «Julenissen bur i Oslo», slo ho fast og fiksa det slik at alle brev skrivne til Santa Claus, kom til Oslo, og alle fekk svar og ei lita bok.

Men sjølv var ho ikkje særleg opptatt av jula, sa ho til VG i 1976: «Jeg har et fint forhold til barn, kanskje på grunn av min barnlige sjel. Ungene løper fra mødrene til meg. Om jeg egentlig ønsker livet annerledes? Familie, barn? Jeg vet ikke. Jeg er visst fornøyd med det jeg er».

Det blei hevda at Alfhild Hovdan hadde eit seksuelt forhold til ambassadøren Alexandra Kollontaj, den russiske politikaren og kvinneforkjemparen som var 32 år eldre.

Aktiv motstandskvinne

Under krigen var Hovdan aktiv i motstandsrørsla, og blei arrestert av tyskarane 28. juni 1941. Etter diverse forhøyr i Møllergata 19, blei ho overført til Grini fangeleir 23. juli. Ho blei sett fri frå Grini 10. oktober, og året etter greidde ho å flykte til Sverige.

Kvinner med bein i nasen blei også der sett på med skepsis, og Hovdan blei omtalt som «hysterisk og uansvarleg». Nokon meinte ho kunne vere spion fordi ho mellom anna hadde kontakt med den sovjetiske ambassaden i Stockholm. Det blei til og med hevda at ho hadde eit seksuelt forhold til ambassadøren, den russiske politikaren og kvinneforkjemparen Alexandra Kollontaj som var 32 år eldre.

Som ung journalist på 20-talet, var Hovdan blitt kjend med den smellvakre Alexandra, og vennskapet deira varte livet ut: «Kollontaj var et stort – og storartet – menneske», fortalde Hovdan til Martin Nag i 1980: «Vi beholdt kontakten i alle år, og jeg møtte henne også i Sverige under Den annen verdenskrig». Forholdet mellom dei to vekte såpass oppsikt, at etter krigen heldt norsk etterretningsteneste auge med Hovdan i fleire år.

I februar 1944 var Hovdan med og starta flyktningteatret Fri norsk scene i Sverige, og ho var aktivt styremedlem i Patriotisk Forbund, ein organisasjon av norske flyktningar i Sverige som var kritisk til den norske regjeringa og til mangel på aktivitet i motstandsrørsla.

Sommarhuset på Kattøya

Nokre år etter krigen fekk Alfhild Hovdan sjå ein annonse i avisa om at Kattøya, ei lita øy i Eidangerfjorden i Telemark, var til sals. Den kjøpte ho, og fekk seg ein herleg fristad: «Hit drar jeg når jeg må ha ro, og da foretar jeg meg intet annet enn å ligge i en hengekøye og se på skyer», fortel ho til Hjemmet.

At folk gjekk i land på øya, hadde ho ingenting imot, berre dei tok med seg bosset sitt og respekterte privatlivets fred. Men rundt sommarhuset var det ho som regjerte, og der slapp ingen framande til. Derimot hadde ho besøk av eit utval venner og kjende. Komponisten Pauline Hall var der fleire somrar, i alle fall somrane 1957, 1958 og 1959.

Det hugsar Ulf Ziener Johansen godt, sjølv om han første gongen berre var ti år: «Faren min kjente Hovdan fra før på grunn av arbeid i Telemark og Vestfold Hotell- og restaurantforening hvor han i disse årene var formann. Hovdan hadde da invitert ham til sommerhuset, og vi ble fraktet fra Nystrand i båt av en slags altmuligmann hun hadde. Far hadde med seg mat, gaver etc. pluss meg. [...] Alfhild Hovdan var en streng dame som ikke likte fremmede hos seg, derfor gikk hun rundt i jaktutstyr med gevær. Den andre damen var komponist. Hun var liten, hvithåret og hadde briller. Jeg måtte alltid si frøken Hovdan og frøken Hall».

Alfhild og Aud

Det gjorde inntrykk på unge Ulf då faren fortalte at desse damene hadde damer til kjærestar. For det kunne damer ha. Vi veit at Pauline Hall delte hus med Caro Olden som Hovdan kjende frå før, fra 1942 til Halls død i 1969. Som Hovdan hadde Olden òg vore aktiv i motstandsrørsla under krigen, og satt i fangenskap på Grini frå mai 1943 til desember 1944.

Om Hovdans eige kjærleiksliv veit vi lite, men på Østre Aker kyrkjegard, på gravsteinen som blei reist då Hovdan døydde i 1982, er det seinare felt inn namnet på den ti år yngre Aud Mjelva (1914–1997). Mjelva kom frå Narvik til Oslo, ugift og var mangeårig funksjonær i Statens Kornforretning.

Hovdan blei respektert og sett opp til for den gode jobben ho gjorde. Men det har lenge vore meir akseptert at ei kvinne kan vere maskulin enn for ein mann å vere feminin. For dess meir mandig kvinna ter seg, dess djervare og meir sjølvstendig blir ho rekna som.

Her er Alfhild Hovdan under innspelinga av den norske filmen «Freske fraspark» frå 1963.

Då Wenche Lowzow (1926–2016) var ung, kjende ho ingen homofile, fortalde ho i eit intervju med Aftenposten i 2000: «Men jeg visste om to: Alfhild Hovdan og Laila Schou Nilsen. Schou Nilsen møtte jeg en gang i en håndballkamp, og hun var meget brutal. Begge to kunne jo skremme vettet av hvem som helst».

Laila Schou Nilsen (1919-1998) var idrettsstjerne med over 100 NM-gull og VM-medaljar i tennis, skøyteløp, handball og alpint, og ho deltok fleire gongar i Rally Monte Carlo.

Juletre til London

Som turistsjef fekk Alfhild Hovdan i stand den årlege Oslo-dagen, Oslo-marknad og ei årleg oversending av juletre til London, Rotterdam og Reykjavik. Juletregåva var Hovdans idé, og når treet skulle fellast, var ho alltid med i skogen – saman med ordføraren og ein sotete, velbrukt kaffikjele.

Ho sørgde for at byen fekk organisert ein innkvarteringssentral, fast turistinformasjonsteneste og guideformidling, og at turistguidane fekk skikkeleg utdanning. «Jeg selger ikke Oslo, jeg inviterer», sa ho og ville at heile landet skulle vere like glad i landets hovudstad som ho.

Hovdan var visst ikkje spesielt populær på Vestlandet, fordi ho uttalte at ho likte betre dei ville fjordane i Nord-Noreg enn dei vestlandske. Kvart år inviterte ho nordnorske ordførarar til hovudstaden. I 1957 fekk ho Petter Dass-medaljen av Nordlændingernes Forening for sin innsats for nordnorsk turistnæring.

Ho fekk òg Kongens fortenstemedalje i gull, St. Hallvard-medaljen og hausta fleire heidersteikn frå norske og utanlandske presseorganisasjonar.

Fotnote: Artikkelen er ein revidert versjon av det som står om Alfhild Hovdan i Skeivt Arkiv.

Kilder / litteratur:

Halnum, Bjørnar. 1976. Oslos julenisse: Julen skremmer meg. VG 22.12.

Hovdan, Alfhild. 1955. Den store Oslo-guiden. Oslo: Fabritius. (Eng. utg. 1956)

Krogh, Thor von. 1964. Hun er du's med sin by. Hjemmet nr. 18 for 18. mars.

Kvalbein, Astrid. 2013. Musikalsk modernisering. Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar. Doktoravhandling, Noregs musikkhøgskole.

Lund, Børre Aa. 2009. Alfhild Hovdan i Norsk biografisk leksikon, snl.no.

Nag, Martin. 1981. Kollontaj i Norge. Solum.

Olsen, Inger Anne. 2000. Helt naturlig homseri. Aftenposten.

Pryser, Tore. 2007. Kvinner i hemmelige tjenester. Cappelen.

Pryser, Tore. 2010. Svik og gråsoner. Norske spioner under 2. verdenskrig. Spartacus.

Rushprint.no 27.11.2017.

Les også

Powered by Labrador CMS