Pride

Bygdepride: – Handlar om vilkåra for skeive i bygdene

Bygdepride er rett rundt hjørnet, og trass i at festivalen er godt etablert, meiner arrangørane at han er viktigare i år enn nokon gong.

Leiar Anbjørn Steinholm Frislid og nestleiar Anita Irene Dahl i Bygdepride ynskjer velkomen til Bygdepride frå 3. til 10. mai.
Publisert

Festivalen Bygdepride vart arrangert for fyrste gong i Volda i 2018, og fekk allereie den gong stor merksemd frå nasjonale medium. 

Sidan den gong har han berre halde fram med å veksa, og går no av stabelen fleire stader i landet. Det er likevel ingen grunn til å kvila på laurbæra, skal me tru festivalsjefen.

– Bygdepride er viktigare enn nokon gong. Det handlar både om vilkåra for skeive i bygdene våre, men også at politiske strøymingar kring om i verda set press på rettar vi berre for få år sidan tok som ei sjølvfølgje, seier leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Bygdepride i ei pressemelding.

I år vert festivalen mellom anna held på Osterøy, Østre Toten og i Tokke, i tillegg til i Ørsta og Volda. 

I Ørsta har får festivalen elles litt ekstra gravitas. Banneret som vart bore framst i den aller fyrste paraden i Volda i 2018 skal nemleg på museum. Det vert overrekt til Stiftinga Viti på Brudavolltunet den 9. mai.

– Ikkje berre for skeive

Festivalen går føre seg frå 3. til 10. mai, og er full av arrangement. 

Mellom anna skal Luca Dalen Epseth halla innleiing før ei framsyning av filmen «Tre fedre,» ein norsk film som allereie har vekka internasjonal merksemd, i tillegg til kviss, konsertar og anna.

Til sist kjem Steinholm Frislid med ein appell til dei som kanskje ikkje er heilt sikre på om dei passar inn på pride:

– Hugs at Bygdepride ikkje berre er for skeive. Bygdepride skal visa at Søre Sunnmøre og Nordfjord er ein mangfaldig stad, der alle skal kjenna seg velkomne, seier ho.

Powered by Labrador CMS