Pride

Nettbutikk og kontor for Bygdepride i Ørsta

Bygdepride har no fått kontor i Ørsta. I tillegg lanserer priden eigen nettbutikk.

Leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Bygdepride i det nye kontoret

– I nettbutikken vår sel vi forskjellige varer folk elles berre får kjøpt i festivalveka i mai. Varene er i hovudsak produsert med lokale partnarar, og inntektene går direkte til Bygdepride, fortel leiar for Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid i ei pressemelding.

Julegåver

Leiar Anbjørn Steinholm Frislid på lageret til den nye nettbutikken.

Bygdepride håper folk kan kjøpe julegåver frå sortimentet, og held nettbutikken open til og med søndag 15. desember. De opnar butikken att i byrjinga av januar, og vil etter kvart utvide sortimentet med fleire varer. 

Varene frå nettbutikken vert sendt i posten til heile landet, eller dei kan hentast i dei nye lokala til Bygdepride i Strandgata i Ørsta.

Folk kan også avtale henting av varer kjøpt i nettbutikken på kontoret.

– Vi har leigd kontor- og lagerplass i Røde Kors-huset. Kontoret vil vere ope kvar laurdag. Kom gjerne innom for ein handel, eller berre for ein prat, seier Steinholm Frislid.

Powered by Labrador CMS