SKEIV SOMMER
Geir Egil Eiksunds skeive sommer
Journalist og forfatter Geir Egil Eiksund tar oss med tilbake til barndommen i Ørsta. Derfra husker han idylliske sommerdager med sine 11 søsken – og det noe mindre idylliske synet av familiens døde katt på Europaveien.
Hei, Geir! Hvordan ser sommeren din ut i år?
– Veldig fin. Todelt ferie i år. Først nokre gode veker på garden sambuaren min vaks opp på i Hyen, før det blir nokre veker på jobb i lokalavisa eg nett har starta i. Så blir det to veker ferie i august att, der eg mellom anna skal jobbe med å lage produksjon til Den kulturelle skulesekken av debutboka mi «Kampen». Gode dagar!
Hvilken lhbtqi+person ville du latt planlegge ferien din og hvorfor?
– Her burde eg ha eit artig svar, men kjem ikkje unna å svare sambuar Fredrik. Då veit eg nemleg at ferien blir veldig godt planlagt, noko eg sjølv ikkje alltid er like flink på.
Beste sommerminne?
– Som attpåklatt i ein syskenflokk på 12, må eg nok trekke fram somrane med fullt hus av sysken heime på ferie, i barndomsheimen på Sætre i Ørsta. Alltid like stas då dei kom heim, gjerne med stadig fleire onkelungar på slep.
Der stod eg med katteklor over heile meg, og synet av ein daud katt i vegkanten på motsett side av vegen.
Geir Egil Eiksund
Verste sommerminne?
– Det må nok vere då katten min blei påkøyrd like framfor meg. Eg var kanskje ein 7-8 år, og skulle ned til fjorden og bade saman med eldstesyster mi. Det var varmt og eg gjekk utan t-skjorte. Nedover skogen synte det seg at katten på død og liv skulle bli med. Eg ville passe på han, så over Europavegen bar eg han. Det gjekk veldig fint heilt til ein bil nærma seg i 80-sona. Katten fekk meir og meir panikk, og klørne skar djupare og djupare inn i huda. Eg heldt så godt eg kunne, men klarte til slutt ikkje halde han fast lenger. Akkurat då han kom seg laus var bilen komen fram til oss, og katten blei påkøyrd. Og der stod eg med katteklor over heile meg, og synet av ein daud katt i vegkanten på motsett side av vegen. I ettertid syns eg nok aller mest synd på dei som sat i bilen. Dei stoppa og køyrde meg strigråtande heim, men tanken på å vere så uheldig å køyre på katten til ein unge medan han ser på. Uff. Stakkars folk. Eit lite kjekt sommarminne.
Set nok aller mest pris på planlagte turar, men med opning for spontane val undervegs. Innser at det var eit Ole Brumm-svar, men trur det er ganske nært sanninga.
Geir Egil Eiksund
Liker du spontane turer eller er du en planlegger?
– Set nok aller mest pris på planlagte turar, men med opning for spontane val undervegs. Innser at det var eit Ole Brumm-svar, men trur det er ganske nært sanninga.
Hvis du får gjester fra utlandet, hva vil du vise frem av Norge? Og hva vil du ikke vise frem?
– Åh. Då må eg ta dei med på fjelltur i Ørsta, og på fergetur over Hjørundfjorden. Og så berre krysse alle fingrar for at det er fint vêr akkurat når dei kjem.
Hva ville folk blitt mest overrasket over at DU gjør om sommeren?
– Om eg tek heile ferien i utlandet ein stad utan å treffe noko familie eller vener. Ferie for meg er å ha høve til å besøke dei eg er glad i, og så gjerne med ein snartur til ein ny og ukjend stad i løpet av ferien.
Hvilken skeiv sak/hvilke skeive saker brenner du for?
– Eg har vakse opp i eit religiøst miljø, og brenn nok for at det skal vere godt å vekse opp som skeiv også i kyrkja. Har difor liten sans for dei som nyttar religion for å gjere livet vanskelegare for skeive, både i Noreg og i andre land.
Eg har vakse opp i eit religiøst miljø, og brenn nok for at det skal vere godt å vekse opp som skeiv også i kyrkja.
Geir Egil Eiksund
Pride: Er det mest party eller mest protest?
– Veldig glad i Pride, og blir ekstra glad av å sjå festivalane bre om seg rundt omkring i landet. Sjølvsagt er det kjekt med party, men å sjå korleis bodskapen om kvifor Pride er viktig bli meir og meir synleg også på bygda er veldig godt. Så må vel nesten svare protest.
Hva leser du/ser du på i sommer?
– Prøver å lese mest mogleg i sommar. Både lydbok og papirbok. Har fått ny motivasjon til lesing etter å ha fått gje ut bok sjølv. Så no les eg like mykje for å bli inspirert som å bli underheldt. Skal til på ein av dei flotte nynorske klassikarane til Skald no, og det gler eg meg til!
-
Skeiv bygdefest på Riksscenen
-
Republikanerne vil nekte transkvinne å bruke Kongressens kvinnetoaletter
-
Arctic Pride : – Det har vært magisk
-
Baba bar flytter – igjen
-
Tiltale: Sønn ble banket opp av faren etter å ha stått fram som homofil
-
RuPaul’s Drag Race tilbake til Oslo
-
Sigur Rós-vokalist stiller ut i Kristiansand
-
Eurovision-finale trues av folkeavstemning
-
Homfrydpris til ildsjelen Rune Hennum Nilssen
-
Chappell Roan til Øya