Bokhøsten

Forfattaren Åsmund Husabø Eikenes (35) har doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo og har tidlegere gitt ut tre populærvitskapelege bøker, mellom anna «Sprut: historia om kroppsvæskene våre» (2018).

’’ Hands down den beste boka eg har lest

Åsmund Husabø Eikenes gler seg til å lese Alexander Kielland Krag sin nye roman «Litt redd, bare». – Eg håpar han held fram med å skrive klokt og ærleg om oppvekst og identitet.

Publisert Sist oppdatert
På tross av sin lengde og tunge tematikk, ble Hanya Yanagiharas «A Littel Life» en bestselger. Boken kom i 2015 og har allerede blitt omtalt som en moderne klassiker. Den ikoniske skeive fotografen Peter Hujars «Orgasmic Man» fra 1969 pryder omslaget på den engelske utgaven.

Åsmund Husabø Eikenes ser og fram til å bli betre kjent med kule, skeive folk i sci-fi-litteraturen, og gler seg til at N.K. Jemisin kjem med andre bok i «Great Cities»-serien, og at Marlon James får ut fingeren for oppfølgaren til «Black Leopard, Red Wolf».

Kva er di siste litterære forelsking?

Eg tenker stadig på mangelen på grenser hos hovudpersonen i boka «Paul takes the form of a mortal girl» av Andrea Lawlor. Det gjorde stort inntrykk. Og så er eg veldig begeistra for skrivinga til serieskapar Ryan O'Connell og Netflix-serien hans «Special».

Kva for ein forfattar ville du gjerne møte på Elsker?

Eg vil først diskutere spørsmålet «Må han være homo?» med Dag Johan Haugerud. Eg er einig i at svaret er både ja og nei, og lurer på kva han tenker om vegen vidare for representasjon i litteratur og på skjerm. Deretter håpar eg Ketil Slagstad dukkar opp for å diskutere historiske parallellar mellom debatten om homoseksualitet som mental sjukdom i gamle dagar og dagens debatt om transpersonar sine rettar. Og så må Alexander Sørlie og Luca Espseth frå PKI vere med for å diskutere korleis heile det skeive fellesskapet kan bidra for at ord skal bli til endring. Til slutt går vi alle i demonstrasjonstog!

Andrea Lawlors roman handler om Paul som jobber på den eneste homofile baren i universitetsbyen. Han studerer queer-teori, har en lesbisk bestevenn og har et rikt datingliv. Men Paul har også en hemmelighet: han er en formskifter.

Kva for ein romanfigur identifiserer du deg mest med?

Eikenes: Alle dei fire hovudpersonane i «A Little Life». Ikkje fordi eg deler deira faktiske opplevingar, men fordi dei så ærleg og sårt viser fram mangfaldet i kva livet inneheld, på godt og vondt.

Om du kan bestemme, kva for ein forfattar hadde du gitt Nobels litteraturpris til?

Hanya Yanagihara for «A Little Life». Hands down den beste boka eg har lest og mest truleg kjem til å lese i mitt liv.

Kva for ei bok leser du akkurat nå?

5 kjappe

1: Bibliotek eller Jeff Bezoz?

Deichman!

2: Innbunden eller paperback?

Harde permar.

3: Billy bokhylle eller barskap?

Bokhylle med plass til grøne plantar.

4: Verkelegheitslitteratur eller krim- og spenningslitteratur?

Samtidsrealisme FTW!

5: Norsk litteraturfestival eller Øyafestivalen?

Øyafestivalen. Men maks to dagar.

«Detransition, Baby» av Torrey Peters fordi det er ei sterk historie om kostnadene ved å leve som transperson. Eg held også på med «Hesteguttene» av Johan Ehn og «The Prophets» av Robert Jones, men fordi eg anar at det kjem til å bli heavy (hhv verdskrig og slaveri), så har eg utsatt lesinga fram til eg orkar å gi historiene merksemda og kjenslene dei fortjener.

I film- og seriebransjen vert det diskutert om skeive rollefigurar kan spilles av ikkje-skeive. Bør/kan heterofile cis-forfattarar skrive skeive bøker?

Joda, forfattarar kan skrive om akkurat dei rollefigurane dei vil. Men eg trur at skeive folk både forstår og formidlar skeiv tematikk på ein meir interessant og nyskapande måte, så dersom ikkje-skeive skal skrive bøker om skeive folk, treng dei å gjere eit grundig forarbeid og unngå flate stereotypiar.

Vil du kallast for en «skeiv forfattar»?

Tja, «skeiv forfattar» passar ikkje heilt for å beskrive dei tre populærvitskaplege bøkene mine som handlar om biomedinsk forsking. Men merkelappen fungerer etter planen for å signalisere til nye lesarar at romanen min «Håkon» er skriven for dei, forfatta av nokon som liknar dei sjølve.

Powered by Labrador CMS