Brende svarer Navarsete

Utenriksminister Børge Brende svarer på spørsmål om lhbt-situasjonen i Tsjetsjenia.

Publisert

Liv Signe Navarsete (Sp), medlem i Utenriks- og forsvarskomiteen, spurte 6. april utenriksminister Børge Brende:«Kva gjer regjeringa for å bidra til at drap og forfølging av homofile i Tsjetsjenia opphøyrer øyeblikkeleg?»

I begrunnelsen het det:«Media rapporterer om at LHBT-personar flyktar for sine liv i den russiske delrepublikken Tsjetsjenia. Det vert rapportert om bestialske mord, massearrestasjonar, tortur og at homofile vert begravd levande. Den norske regjeringa må øyeblikkeleg bruke alle tilgjengelege arenaer for å påverke Russland og Tsjetsjenia til å stanse desse overgrepa. Noreg kan bidra til at desse uakseptable handlingane opphøyrer, og det er difor av stor interesse å få vite kva strakstiltak regjeringa vil setje i verk i samarbeid med andre land, EU og Europarådet. Det er også viktig å få stadfesta at norske styresmakter tek opp spørsmålet bilateralt på toppnivå, og kva støtte Noreg vil gje for å gjere sivilsamfunn betre i stand til å motverke disse kreftene.»

18. april svarer utenriksminister Børge Brende:

«Regjeringa er uroa over rapportane som skildrar arrestasjonar, mishandling og drap av personar som vert haldne for å vere homofile i den russiske delrepublikken Tsjetsjenia. Vi veit frå før at LHBTI-personar har ei utsett stilling i Russland, og at rettsvernet deira er innskrenka.Det er viktig at dette blir grundig granska. Regjeringa vil bruke bilaterale kanalar og multilaterale forum til å oppmode russiske styresmakter om å granske påstandane og setje i verk naudsynte tiltak for å følge opp sine menneskerettslege forpliktingar. Noreg har alt slutta seg til EU si fråsegn i OSSE-rådet i denne saka. Det er positivt at leiaren for det russiske presidentrådet for sivilt samfunn og menneskerettar, Mikhail Fedotov, òg har teke til orde for ei slik gransking.Noreg sin ambassade i Moskva følgjer denne saka tett. Noreg støttar òg opp om aktørar som arbeider aktivt for dei seksuelle minoritetane som er råka i denne saka.Regjeringa si tilskotsordning for prosjekt i Nord-Kaukasus har som mål å støtte demokratisk utvikling, etterleving av internasjonale menneskerettar og eit styrkt sivilsamfunn i regionen. Vi prioriterer tiltak som skal motverke straffridom og styrkje rettstryggleiken i samband med menneskerettsbrot i regionen.»

Powered by Labrador CMS