Avlyser Bygdepride

Bygdepride Ørsta/Volda avlyses som følge av korona-utbruddet.

Publisert Sist oppdatert

«Det er sjølvsagt leitt, men liv og helse kjem fyrst,» sier leder for Bygdepride Ørsta/Volda, Anbjørn Steinholm Frislid, i en pressemelding.

«Det er enno ikkje gitt helsefaglege råd utover påske, men vi i Bygdepride meiner at ein festival i Ørsta/Volda frå 4. til 9. mai vil vere uforsvarleg. Difor er det vedteke i styret å avlyse årets festival. Det vert inga utsetjing, slik at Bygdepride 2021 er neste målet for oss,» heter det videre i pressemeldingen.

Bygdepride skulle etter planen gå av stabelen i Ørsta og Volda fra 4. mai og ende med Bygdepride-parade og Pride Disco lørdag 9. mai.
«Vi er svært takksame overfor medarrangørar og artistar for at dei i dei siste dagane har meldt forståing for avgjerda vår. Vi alle kjem sterkt tilbake om eitt år.

Ei særskild takk går til Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Dei hadde ikkje trengt å stå ved sponsoravtalen. Det gjer dei. Då greier vi å betale for det som allereie er kjøpt inn, ogvi kan starte planlegginga av Bygdepride 2021 med stort pågangsmot.

Hugs: kjærleik er kjærleik, sjølv om du står ein meter i frå. Ta ansvar,» melder Ørsta/Volda Pride.

Powered by Labrador CMS