Pride
Bygdeprideprisen til Anbjørn Steinholm Frislid
Styret i Bygdepride har tildelt Bygdeprideprisen for 2024 til Anbjørn Steinholm Frislid, en av grunnleggerne av Bygdepride.
Anbjørn Steinholm Frislid er en av grunnleggerne av Bygdepride, og han har siden starten i 2017 vært sentral i utviklingen av organisasjonen og Bygdepride-festivalen.
«Bygdepride har festa seg som eit omgrep. Det skal Anbjørn ha mykje av æra for. Han har evna til å tenkje strategisk, og har med sin inkluderande veremåte medverka til å gjere Bygdepride mykje større enn den geografiske tilhøyrigheita skulle tilseie», heter det i begrunnelsen.
«Anbjørn har særleg utvikla Bygdepride som ei merkevare. Det gjeld både som omgrep og med å heie fram produkt, og å utvikle ei formgjeving som vert lagt merke til.
Bak det heile ligg eit stort engasjement for at LHBT+-personar i regionen vår skal få ei godt liv. Anbjørn bryr seg om alle som er i LHBT+-segmentet.
Anbjørn er oppteken av at heile samfunnet skal kjenne ei tilhøyrigheit til Bygdepride. Bygdepride skal ikkje berre handle om skeive og våre liv, men også om at storsamfunnet bryr seg og skal bry seg. Anbjørn er oppteken av at vi saman skal skape samfunn der alle skal kjenne seg heime og verdsett, uansett kven du er.
Bygdepride bad folk nominere kandidatar før og under årets Bygdepride. Det var mange gode kandidatar. Styret merkte seg Anbjørn var ein av dei nominerte, og måtte be han forlate møtet då handsaminga starta. Anbjørn peika seg ut som særs verdig kandidat.
I styret i Bygdepride er vi glade for ha Anbjørn med oss, og glade for å kunne tildele han Bygdeprideprisen for 2024.»