Spill
Dragon Age: Raud klut
Det fjerde spelet i den populære spelserien lar deg velge alt frå augefarge til pronomen, og styrker Bioware sitt rykte for inkluderande politikk og skeiv representasjon. For nokon er det ein raud klut.
Dragon Age: The Veilguard
Skjermdump: BioWare
Torsdag 31. oktober er ti år venting over for fans av Biowares Dragon Age-serie. Ti år har gått sidan sist vi satt våre digitale bein i fantasyverda Thedas, i spelet Dragon Age: Inquisition.
Ti år sidan kumpanen din vart avslørt som ein gud som manipulerte reisa di. Ti år sidan vi vart lova å endeleg få sjå landet Tevinter med eigne auge.
Ti lange år. Ti lange år der alle forfattarar og designerar har blitt erstatta,i stadige omorganiseringer. Stjernene bak dei originale spela har gått vidare til andre prosjekt, og har kommentert bittersøtt frå sidelinja om spelets utvikling. Om namneendringer og stadige utskiftingar.
Ti lange år der det politiske klimaet har endra seg - sjølv i spelkulturen. På internett vert spelet møtt av eit høglytt kor av protest, styrka av amerikansk kulturkrig og anti-trans retorikk.
Digital
12 måneder
699,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
798,-
KJØP