EI SOLSKINSHISTORIE

At Linda Eide er lesbisk, verkar viktigare for andre enn det er for ho.

Publisert

NAVN:

Linda Eide

ALDER:

49

SIVILSTATUS:

Gift med Elena Schough

BUR:

Kjem fra Våss, bur i Bergen

GJER:

Journalist og programmleiar i NRK, kåsør og forfattar, er kanskje mest kjend for tv-programseriane "Eides språksjov", "smæsj" og "Norsk attraksjon på NRK og framsyninga "200 år på to timar"

AKTUELL: På Dei nynorske festspela i Ørsta 7.-10. juni skal ho kåsere om "meirfiksjon", eit omgrep ho har funne på sjølv. I det gøymer det seg ein påstand: "Det er ikkje den forteljinga eg fortel, men den du ser for deg". Leiar gallakonserten under Førde internasjonale musikkfestival 7. juli.

 

At ho er lesbisk, verkar viktigare for andre enn det er for ho. – Men det er noko eg kan seie, som aldri har vore hindra på nokon som helst måte i å leve det ut, medgir Linda Eide.

Linda Eide gjekk ut av Norsk Journalisthøgskole i 1990, med ei hovudoppgåve med tittelen "Er det språktvang i den frie pressa?" Der tok ho føre seg nynorsken si stilling i NTB og åtte riksdekkande Oslo-aviser. Ho har halde på dette engasjementet for nynorsk i media, og på internettsidene til Mållaget kan ein lese at ho tok offentleg til motmæle då Blikk nekta journalistar å skrive nynorsk der for 15 år sidan. For at Blikk skulle få intervjue henne no, måtte vi love å skrive intervjuet på hennar målform.

Nynorsken er ein særs viktig del av identiteten hennar, og ho har sagt at dess tryggare du blir på identiteten din, dess meir open blir du. Så det var naturleg for Blikk å opne intervjuet med henne med å spørje om det også gjeld i høve til å vere skeiv?

- Eg lever eit ganske straight og vanleg liv. Tenkjer ikkje på det som ein identitet fordi vi ikkje må forsvare det lenger. Eg er ikkje i slike omgivnader. Det gjer meg svært opprørt at andre må leve i skjul og bu i land der det til og med er straffbart å vere homofil.

Ikkje noko tåkeslør

I 2001 fekk ho Homofrydprisen av Homofestivalen i Bergen. I grunngjevinga frå juryen (på bokmål …) skreiv dei at ho fekk prisen fordi ho "i en årrekke, gjennom å være seg selv med den aller største selvfølgelighet, [har] bidratt til å gjøre det alminnelig å være homofil. Dette gjør hun på en uhyre elegant måte, og sprer stolthet i lesbe- og homsemiljøet så vel som i andre miljø".

Sjølv om Eide har vore æra med mange prisar og utmerkingar, mellom anna Sykkelprisen frå Syklistenes Landsforening, Målprisen frå Noregs Mållag, Gullruten og Melsomprisen, er Homofrydprisen ein av dei prisane ho set høgast.- Då eg vart kjend, bestemte eg meg for å fortelje like mykje om livet mitt som heterofile ville ha gjort i same situasjon. Noko tåkeslør ville eg ikkje ha rundt meg. Så når det er naturleg å nemne kona mi, så gjer eg det, men eg har òg erfart at når eg har blitt intervjua om bøker eg har skrive eller om journalistikk, så er det legninga mi som har blitt slått stort opp på forsida og ikkje prosjektet som intervjuet eigentleg handla om. I slike tilfelle forstår eg dei som har eit tåkeslør over privatlivet sitt. Når ei veninne av meg fortel nye kollegaer at ho er lesbisk, legg ho alltid til: "Og det er ei saksopplysing, og ikkje ei intim vedkjenning!" Slik er det for meg også.

"Eg har opplevd meir mobbing når det gjeld dialekta mi enn legninga mi"

 

Ei fotballjente

Ho vaks opp på Voss. Minna frå barndomen på Vossevangen brukar ho flittig både i programma sine og når ho kåserer, men ho hadde budd nokre år i både Oslo og Bergen før ho vart forelska, og då orienterte ho raskt dei nærmaste.

- Sjølv kom eg eigentleg ikkje ut av noko skap. Då eg vaks opp, var eg ei fotballjente som ikkje sminka meg, og som slettes ikkje var interessert i gutar, så eg trur ikkje det var noko sjokk heime på Voss at eg er lesbe. Eg vart forelska i ei jente då eg var over 20 år. Eg hadde lenge trudd at eg ikkje hadde eigenskapen å kunne bli forelska. Visste ikkje at eg hadde evna. Så då tok eg ei lita runde med folk rundt meg, men dei vart ikkje spesielt overraska. Dei hadde forstått at eg ikkje var interessert i menn. Då eg fortalde det til mor mi, så vart ho fyrst redd for at eg ville få det vanskeleg. At eg ville få trøbbel. Då ho skjøna at dette var noko eg var glad for, så var ho òg det. Så historia mi er eigentleg ei solskinshistorie. Eg har opplevd meir mobbing når det gjeld dialekta mi enn legninga mi.

 

Kysse utan eiga tunge?

Eide har leia nokre av dei mest sette tv-seriane dei to siste tiåra, og ho har fått lage program utan ei definert målgruppe. Sjølv meiner ho at akkurat det er ein del av suksesskriteria. Når ein ikkje siktar på ei spesiell aldersgruppe, er det lettare å treffe alle. Eit anna essensielt kriterium er å by på seg sjølv og å vere ekte.

- Mållaget hadde ein gong ein kampanje som sa "korleis ville du likt å kysse utan di eiga tunge?". Dei refererte då til det å få bruke dialekt, og at ein må tore å bruke dialekta si for å vere seg sjølv. Det same kan ein seie om det å vere skeiv. Slik eg ser det, vil det vere uråd å vere god i jobben sin om ein ikkje er seg sjølv. Eg er ingen skodespelar som kan ikle meg ei rolle. Truverdet i det eg fortel, er avhengig av at eg kan vere meg. Det må vere ekte, og eg må kunne følge kroppen sine instinkt.

"Friele er ei heltinne. Eit ikon. Ho har eg lyst til å takke. Ho ofra sin eigen komfort for oss"

Viktige rollemodellar

Ho er glad ho lever i den tida ho gjer, og ikkje nokre tiår før.

- Då trur eg ikkje eg hadde klart å lage dei programma eg lagar. Eg tenkjer ofte på dei som lever i land og situasjonar der dei må leve skjult. Eg grøssar av tanken.

I NRK har Eide fått prøvd seg på mykje, og ho begynte i NRK P3 då den kanalen starta opp. Der hadde ho fleire skeive kollegaer, og ho hadde Anne Aasheim som sjef. Ho vart raskt eit idol for den unge journalisten som på den tida forstod at ho var lesbisk.

- Ho var godt likt av alle og supersosial. Det har hatt mykje å seie for meg at ho var open. At ho framsnakka det å vere lesbisk og viste til at det var ein styrke for ho.

Forutan Aasheim er det fleire skeive som Eide ser opp til, og som har hatt mykje å seie for henne.

- Då eg vart klar over at artisten Janis Ian er skeiv, datt mykje på plass. Tekstane til Alf Prøysen har vore viktige for meg, og han vart slettes ikkje mindre viktig då det vart kjent at han var skeiv. Etter at eg forstod at eg var lesbisk, las eg "St. Croix"-trilogien av Gerd Brantenberg og syntest det var kjekt å kunne lese bøker som gjaldt meg.

Eide kjem heller ikkje utanom Kim Friele når ho tenkjer på kven som har hatt mykje å seie for henne.

- Friele er ei heltinne! Eit ikon. Ho har eg lyst til å takke. Ho ofra sin eigen komfort for oss.

Opp til ein kvar

Det har hendt fleire gongar at foreldre til skeive har kome bort til henne for å prate litt etter at ho har hatt ei framsyning.

Eg opplever at det blir sett på som positivt at eg er open. Det set eg pris på, seier Eide som òg meiner at kjendisar må gjere nett som dei vil.

- Det er opp til ein kvar å velje om dei vil vere opne, men du kan ikkje forlange respekt for kven du er, utan at du er open om det, seier ho, og meiner det er særs viktig at samfunnstoppar er opne.

- Eg meiner det er bra at vi har ein helseminister som då han tok til i embetet sitt, inviterte pressa heim og viste at han lever saman med ein mann. Også idrettsheltar som Gro Hammerseng-Edin og Vibeke Skofterud er viktige, og dei har bana vegen for andre, men eg lurer på når vi får ein open mannleg eliteseriespelar i fotball.

Sjølv er ikkje Eide nokon aktivist som står på barrikadane, men ho har gjort seg godt merka i det skeive miljøet og stiller opp på skeive arrangement når ho kan - seinast 2. juni, då ho opna utstillinga "Skeivt uteliv i Norge 1950-2018" under Regnbuedagene i Bergen.

Kampen er ikkje over

Tidlegare har Eide vore med i kabaretgruppa Lystige Lepper, som har hatt fleire show på mellom anna på utestaden Fincken i Bergen.

- Å kunne opptre på "heimebane" og fortelje vitsar som publikum forstår og kjenner seg att i, er godt. Det er ein bonus å høyre til i ein subkultur og sleppe å ta omsyn til majoriteten. Men det er viktig å hugse at dei rettane vi har, ikkje er vunne for alltid. Haldningane til majoriteten kan skifte, så vi må halde mangfaldsfana høgt heile tida.

Torgrim Eggen skriv i boka si om Berlin at: "Hvordan et samfunn behandler sine homofile, er en pålitelig inidaktor på hvor humant det er."

Det er spot on!

Linda Eide er ein av dei mest folkekjære formidlarane landet vårt har å by på, og i vår vart ho kåra til ein av dei 15 mest vestlandske vestlendingane av juryen til Bergens Tidende. Foto: privat
– Eg kjem aldri til å forstå at det finst nokon som kjempar mot andre sine rettar. Tenk å bruke livet sitt på det. Må vere betre å kjempe for noko, sier Linda Eide. Foto: Camilla Næss
Powered by Labrador CMS