TilbakeBlikk

Åmål-feberen kjem

Hver søndag tar vi et dykk i Blikk-arkivet. I dag: Åmål-feberen kjem.

Fucking Åmal (1998).
Fucking Åmal (1998).
Publisert

I år er det 25 år siden filmen «Fucking Åmål» kom. Filmen ble en suksess og har gått inn i historien som en klassiker. I anledning jubileet publiserer Blikk denne saken som stod på trykk i Blikk nr. 3/1998.

Åmål-feberen kjem

Filmen som fekk det svenske folket til å ryme hus og heim, og inn i kinosalen, gjer i mars strandhogg på vestsida av kjølen.

Tre teskjeier kvelande trongsyn blandast ut i småby- eller tettstad-røra. Tilsett ei eller to pikante rosiner. Bland i rikeleg med velskrivne og humoristiske replikkar. Smak til med salt og sukker, slik at du finn ein god balanse. Steik på god varme, og «voila»: suksess.

Den førre store svenske filmsuksessen her til lands heitte Änglagård, og kan seiast å passe oppskrifta. Neste film ut er Fucking Åmål. Også den vert ein kassasuksess her til lands, dersom vi deler svenskane sin smak. For nærare 800.000 har sett filmen i broderlandet. Forutan den reine publikumssuksessen, har den hausta prisar og vorte vist på filmfestivalar kring i Europa.

Fucking Åmål var også svenskane sitt bidrag til Oscar, men nådde ikkje opp då amerikanarane nominerte dei beste utanlandske filmane. I Sverige gjorde filmen nesten reint bord under tildelinga av Guldbaggerna i ferbruar. Regissør og manusforfattar, den 29 år gamle Lukas Moodysson, fekk prisen for beste regi og for beste manus. Dei to unge hovudrolleinnehavarane, Alexandra Dahlstrøm (14) og Rebecca Liljeberg (17) fekk begge prisen for beste kvinnelege hovudrolle.

Som om ikkje det var nok, vart filmen kåra til beste film. Også det skeive Sverige har markert si begeistring for filmen. Lesarane av den svenske homo-avisa QX kåra nyleg filmen til Årets Film, og prisen vart delt ut under nyskipinga QX GayGala der heile ulike 14 prisar gjekk til svenske kunstnarar og kulturpersonar.

– Eg er overraska over den gode mottakinga filmen har fått. Ikkje minst i ulandet. Då eg nyleg var på Filmfestivalen i Berlin, kom hollywood-skodespelarar bort til meg og seier at akkurat slik er det også i Los Angeles. Det tykjer eg er rart, eg trudde at filmen var så svensk at det i høgda ville fungere i Norge, Danmark og Finland. Men at andre ikkje ville forstå den, seier Moodysson.

Regissøren trur at nøkkelen i suksessen i Sverige nettopp ligg i det svenske. – Svenske filmsuksessar har ofte det til felles at dei får publikum til å kjenne seg att, og ikkje minst le av seg sjølve.

Handlinga i Fucking Åmål er lagt til den svenske småbyen Åmål. Den gjev eit innblikk i eit ungdomsmiljø som ubarmhjarteleg, men som også rommar mogleheit for kjærleik. Det handlar om å høyre til i gruppa, utryggleik, om makt, prestisje og kjærleik. Agnes, spelt av Rebecca Liljeberg, er den upopulære jenta i klassen. Ho strir med sine kjensler for Elin, den penaste og mest populære jenta. Og ryktene går. «Vet du att folk pratar om dig?», spør Elin nysgjerrig. Ho på si side undrast på «varför måste vi bo i fucking, jävla kuk-Åmål?», og er klar for noko nytt.

– Eg har fått reaksjonar frå lesber som meiner at filmen ikkje i stor nok grad vart profilert som lesbefilm. Det kan vere berettiga, men filmen handlar også om å korleis det er å vere ung, vakse opp og vere forelska. Det er ein av få svenske filmar som skildrar dette realistisk og med humor, seier Moodysson.

– Eg trur at filmen ikkje ville fått det store publikum, dersom det vart marknadsført som gay-film.

Filmen har allereie vorte vist i Norge under Oslo Filmdager i februar. Men den 19. mars er den klar for fleire norske kinoar.

 

Powered by Labrador CMS