Helse
Lege snoka ulovleg i helsejournal: Får berre åtvaring
Karoline Skarstein fekk medhald hjå Statsforvaltaren i at journalsnoking var ulovleg. Fleire andre transfolk skal ha opplevd det same, men trass i at det er ulovleg får det sjeldan konsekvensar.
Karoline Skarstein
Foto: Kristine Hovda
- Eg er usikker på om statsforvaltaren forstår kor alvorleg dette er, seier Karoline Skarstein nyleg avtroppa leiar i Rogaland FRI.
For litt over eit år sidan oppdaga ho at ein lege ho aldri hadde høyrd om hadde fått tilgang til helsejournalen hennar, utan at ho hadde gjeve tillating til det. No har statsforvaltaren i Rogaland konkludert med at legen braut lova.
- Korleis oppdaga du at dette hadde skjedd?
- Det var eigentleg tilfeldig. Eg var innom journalloggen og reagerte på eit etternamn eg ikkje kjende att. Det var frå eit legekontor i Stavanger som eg aldri hadde vore på.
Digital
12 måneder
699,-
KJØP
Digital + Magasin 12 måneder
798,-
KJØP