Helt agurk - Kristin Fridtun

Publisert

Kristin Fridtun vil la Knut Olav Åmås og Knut Aastad Bråten skreddersy en tur til Wien. Navn: Kristin FridtunAlder: 28 årGjør: er forfatter og skeiv aktivist–Hva skal du gjøre i sommer?–Eg skal vera litt på hytta til svigers og litt på hytta til mor og far og litt heime i Bergen. Og så skal eg ein tur innom kjønnsmangfaldsleiren til Skeiv Ungdom.–Hva ville folk blitt mest overrasket over at DU gjør om sommeren?–Eg kan nok verka ein smule tilknappa og dydig, men eg er ram på nakenbading. Særleg i kalde fjellvatn. Mest overraskande hadde det vore om eg skulle til Syden for å festa og sjekka babes, men det skal eg altså ikkje.–Hvor går du helst ut i sommer, og hvorfor?–I skogen og på fjellet. Då blir eg så roleg og mjuk i kroppen. Eg liknar ganske mykje på Ludvig i Flåklypa og styrer helst unna folketette plassar med mykje lyd.–Hvem ville du ha omvendt til lhbt?–No som det er EM, hadde det vore veldig stas om f.eks. banens beste i EM-finalen var skeiv. Det skulle vore fleire lhbt-førebilete i idretten, særleg på herresida.–Sommerdings du ikke kan leve uten?–Dings og dings - på hytta til mor og far er det nokre stylter som eg har stor glede av, men eg kunne nok greidd meg utan dei. Hytta, derimot … dit må eg minst éin gong kvar sommar. Det er ein del mygg der, men dei svermar mest for kona mi, så i solidaritet med henne seier eg myggstift!–Favoritt app på mobilen i sommer?–Eg har ein enkel og nettlaus Nokia med klassiske tastar, så her må eg melda pass.–Hit drar jeg aldri tilbake?–Tja, på eit sommarkurs i Stockholm vart eg innlosjert på ein hybel som var så tilskitna og ufyseleg at eg vurderte å kjøpa meg eit telt i staden. Men kursarrangøren fekk tak i ein fyr som rundspylte badet med eit eller anna sterkt middel, og då vart det på eit vis leveleg. Eg skal vedgå at eg er ganske sart når det gjeld slikt, men det der tek kaka. Elles likte eg Stockholm veldig godt!–Hit drar jeg gjerne igjen?–Island. Eg har vore der ei handfull gonger allereie, men berre på vestsida av øya. Før eller seinare skal eg køyra heile vegen rundt.–Hvis du får utenlandske gjester, hva vil du vise frem av Norge?–Det spørst på gjestene. Ein vinter hadde eg nokre amerikanar buande hos meg i Elverum, og dei syntest det var strålande å renna rundt på spark, dag etter dag. Men sånn generelt: Eg ville rusla litt rundt og vist dei nærområdet mitt, drukke kaffi på ein hyggjeleg kafé, teke dei med til ein plass med fin utsikt og servert smalehovud til middag (med ein Grandiosa i reserve).–Hva vil du ikke vise frem?–Fenomenet helgefylla måtte dei ha utforska utan meg.–Hvilken homo, lesbe, bi eller transperson ville du latt planlegge ferien din og hvorfor?–Knut Olav Åmås og Knut Aastad Bråten kom nyleg med ei reisebok om Wien. Eg har ikkje lese boka (enno), men om dei hadde hatt lyst til å skreddarsy eit Wien-opphald for meg, hadde eg ikkje sagt nei takk. Det ville garantert vore ein lærerik tur.–Hva leser du i sommer?–Eg har nettopp gjort meg ferdig med romanen Begge deler av Ali Smith. Ei intelligent og skeiv bok med masse språknerdhumor. No er eg i gang med sakprosa: Etter tips frå ein av dei fine folka ved Skeivt arkiv har eg byrja på Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970 av Hans W. Kristiansen. Veldig interessant!–Favorittsommerlåt?–Eg skaffa meg nettopp det nye albumet til Kent. Etter mi meining er dei eldste Kent-platene best, men nokre av dei nye låtane har bite seg fast i hjerneborken, så den plata skal nok snurra mykje i spelaren min. Til dømes «Andromeda».

Powered by Labrador CMS