Historie

Homoseksualiteten kom sjøvegen

Koloniseringa av Latin-Amerika var med på å forme vår forståing av samkjønna sex mellom menn.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen ble først publisert i Syn og Segn 1-2022.

.

Termen «homoseksualitet» kom til verda i 1868 i spenningsfeltet mellom ein medisinsk diagnose og ei kriminell handling. Ordet vart første gongen brukt i eit skriv av den ungarske legen Károly Mária Kertbeny.

Han argumenterte mot at samkjønna sex mellom menn skulle kriminaliserast i dei delane av Tyskland der slik sex enno ikkje hadde rokke å bli lovstridig.

Det handla ikkje om ei oppsiktsvekkjande oppdaging av at menn hadde sex med menn, men om ei ny fortolking av kva dette tydde. Ei vanleg forståing av dette er at den nye homoseksuelle mannen skauv til side ein eldre kategori, sodomitten.

Sodomi var ei synd og sodomitten ein syndar, men kven som helst kunne under dei rette omstenda falle inn i denne synda, til liks med andre synder.

Bibelens harde formaningar om sex mellom menn fann vegen inn i den sekulære lovgjevinga for å førebyggje synda og ikkje minst for å sikre samfunnet mot den slags represaliar som Gud hadde sett i verk mot Sodoma og Gomorra.

Den homoseksuelle mannen var noko anna. Han var ein type, sjuk, eit patologisk tilfelle. Med moderne medisin og psykiatri kunne han likevel bli hjelpt ut av den ulukkelege tilstanden.

.

Ordet homoseksualitet vart første gongen brukt i eit skriv av den ungarske legen Károly Mária Kertbeny. Han argumenterte mot at samkjønna sex mellom menn skulle kriminaliserast i dei delane av Tyskland der slik sex enno ikkje hadde rokke å bli lovstridig, skriv Stephen J. Walton. Avbildet: Károly Mária Kertbeny, cirka 1865.

.

Det gode nyhendet var at berre få no leid av denne kvida. Humane røyster tala endatil for at den homoseksuelle ikkje burde straffast lenger, han burde behandlast, eller til og med få lov til å halde på med sakene sine med likesinna, så framt dei ikkje plaga andre.

Grovt rekna kan vi seie at homoseksualiteten etter denne definisjonen, som var tøyeleg og stadig vart nyansert, varte i hundre år, frå Károly-Mária Kertbenys brev i 1868 til Stonewall-opprøret i 1969.

Slik sett er det interessante spørsmålet om homoseksualiteten ikkje kva han er, eller kva du er, men kor lenge denne måten å organisere og forstå begjæret varte.

Det gjev meining å sjå på homoseksualiteten som ein periode der ein organiserte samkjønna begjær på ein bestemt måte. Men det gjev ikkje meining å sjå det som ein tilstand som somme har, slik psykologane og den meiningsberande opinionen meinte under den homoseksuelle perioden.

.

Stephen J. Walton (f. 1958) er professor i kulturfag ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Sodomiens glanstid

Ifølgje kyrkjehistorikaren John Boswell begynte aksepten i antikken for samkjønna begjær innanfor gjeldande konvensjonar om sømd å gå i oppløysing i tida da Romarriket fall, altså mellom 200 og 600 evt.

Den aukande opposisjonen mot samkjønna sex fanst i folket. Moralfilosofien var i liten grad oppteken av individuelle uttrykk for samkjønna begjær før midten av 1100-talet, men da stramma grepet seg til både i populærlitteraturen, i teologien, og i lovverket.

Dei syndene som no vart alvorlegare, gjekk under namnet «sodomi». Påbodet om å unngå dei vart styrkt i det sekulære lovverket.

Den europeiske sodomien fekk ulike lokale uttrykksformer, men han nådde sin apoteose i dei italienske byane, særleg i renessansens Venezia og Firenze. I Firenze var omfanget av sodomi enormt. I andre halvdel av 1400-talet vart til dømes to tredelar av mennene formelt tiltala for sodomi før dei rakk å fylle førti år.

Sodomien var aldersgradert og førte til slutt dei fleste menn over i ekteskap med ei kvinne, og i familieliv. Såleis var sodomien i Firenze «ei mellombels og situasjonsbetinga overskriding av reglane» som ikkje gav grunnlag for nokon gruppeidentitet.

.

I Firenze var omfanget av sodomi enormt. I andre halvdel av 1400-talet vart til dømes to tredelar av mennene formelt tiltala for sodomi før dei rakk å fylle førti år.

.

Eg tenkjer meg at sodomien vart oppfatta om lag slik vi oppfattar det vi faktisk kallar «fartssyndarar». Alle gjer det frå tid til anna meir eller mindre medvite, mange blir tekne, vi skjøner at vi helst ikkje burde halde på med dette, men stundom skjer det berre. Det finst sikkert somme som har grisekøyring som primær sosial identitet, men dei er få. Og dei kan bli straffa hardt. Vi meiner at det er bra med straff, men held fram med å køyre over fartsgrensa av og til.

I andre delar av Europa var straffene hardare og haldninga overfor sodomien mindre likesæl enn i Italia, slik at europearar på 1500-talet oppfatta sodomi som den italienske måten å ha sex på.

Vi finn likevel ikkje framskuven til den moderne europeiske homoseksuelle typen i dei italienske bystatane. I motsetning til dei florentinske fartssyndarane vart den nye homoseksuelle typen utstyrt med eit sett med genustrekk. Genus er sosialt kjønn, og dette var med andre ord ein mann som i tillegg til at han spelte den såkalla «passive» rolla seksuelt, også oppviste eller vart tillagd andre kvinnelege eigenskapar.

.

Amerika

Dei første hundre åra var det i hovudsak spanjolar og portugisarar som hærtok og utforska Amerika. Det meste av Spania var blitt okkupert av arabarane frå 711, og hundreåra fram til lagnadsåret 1492 gjekk med til å drive det mauriske, islamske styret tilbake til Andalucía og så føyse dei ut av landet.

Det same året landa Kolumbus i Den nye verda. Spania hadde hatt antisodomittiske lover heilt frå 650 evt., men på 1200-talet vart lovene innskjerpa. Samtidig vart sodomien sausa saman med kjetteri og jødedom som kriterium for å ekskludere grupper som tidlegare i større eller mindre grad var blitt tolererte.

Under felttoga mot arabarane vart motstandarens religion kopla opp mot dei seksuelle praksisane hos arabarane, først og fremst mot sodomien, som var ein «faktor av størst mogeleg betydning». «Hatet mot den arabiske moralen» var éi av drivkreftene bak lovgjevinga.

I middelhavsområdet dominerte variantar av aldersbasert samkjønna sex, men dei amerikanske samfunna var organiserte grunnleggjande annleis. Så godt som heile Amerika hadde fleirgenussystem.

Dei to anatomiske kjønna produserte eit system med mellom tre og fem sosiale kjønn, eller genus. På territoriet til det noverande Canada og USA hadde ein tredel av gruppene fire genus, og éi fem genus.

.

Under felttoga mot arabarane vart motstandarens religion kopla opp mot dei seksuelle praksisane hos arabarane, først og fremst mot sodomien

.

Den vanlegaste modellen hadde tre genus, og der var det ei gruppe menn som oppførte seg som sosiale kvinner. Dei vart sjølvsagt ikkje til kvinner anatomisk. Sosialt nærma dei seg ofte kvinnerolla tett, men dei tok også vare på mannlege privilegium.

Det sosiale grunnlaget for transgenusrolla var oftast arbeidet, og dei seksuelle funksjonane som transgenusmennene fekk, følgde som ein naturleg konsekvens av at dei gjorde kvinnearbeid og hadde ei feminisert framtoning når det galdt klede, mimikk, osv.

Dei var dei «passive» partnarane til cisgenusmennene, altså mannemennene. Det at dei i motsetning til kvinnene ikkje vart gravide, gav dei eit stort konkurransefortrinn som seksualpartnarar.

Statusen til kvinnemennene i dei ulike amerikanske samfunna varierte sterkt. I somme fekk dei høg sosial status som hyperkompetente produsentar av varer og tenester som elles vart leverte av kvinner. I mange samfunn fungerte dei som sjamanar med preste- og legeliknande funksjonar.

.

Dei var dei «passive» partnarane til cisgenusmennene, altså mannemennene. Det at dei i motsetning til kvinnene ikkje vart gravide, gav dei eit stort konkurransefortrinn som seksualpartnarar.

.

Det at dei levde i ein grensetilstand mellom dei to anatomiske kjønna, gjorde at dei også vart tiltrudde evna til å lose folk gjennom grenselandet mellom den materielle og den åndelege sfæren. Der dei stod sterkt som produsentar eller som spesialistar på kommunikasjonen mellom menneska og mellom røyndomssfærane, kunne dei få høg sosial status. Det fanst derimot også samfunn der dei vart utsette for vitsing og lått. Dei kvinnemennene som ikkje var særleg vellukka i rolla si, låg tynt an.

Conquistadorane var ikkje i Amerika på antropologisk feltarbeid, men dei såg. Det dei observerte i sjokk og avsky, var samfunn der det fanst etter måten mange menn som gjekk rundt i kvinneklede og hadde sex med menn utan å blygast, og utan at samfunnet syntest å reagere.

Dette var eit tema som fascinerte spanske kronikørar på 1500-talet, både fordi det gav eit ideologisk grunnlag for erobringa, og fordi det spanjolane oppfatta som den allment synlege sodomien, utfordra sjølvforståinga til dei spanske mennene. Sodomien var eitt av dei mange nye fenomena i Den nye verda som måtte beskrivast for å kunne nedkjempast.

Korleis skulle den amerikanske «sodomien» forståast?

.

Det dei observerte i sjokk og avsky, var samfunn der det fanst menn som gjekk rundt i kvinneklede og hadde sex med menn utan å blygast, og utan at samfunnet syntest å reagere.

.

Hos spanjolane var sodomien alltid lokalisert kulturelt hos dei andre, anten hos italienarane eller hos arabarane. I Amerika bygde dei vidare på denne tanken. Den belgiske forskaren Rudi C. Bleys skriv om at den avskyelege synda no vart «tropikalisert», tropane, urfolka og sodomien gjekk opp i ei høgare eining som utkrystalliseringa av alt det den erobrande spanske mannen ikkje var.

Dei amerikanske samfunna vart svekte, og folk døydde i hopetal av dei europeiske basillane. Etter som dei amerikanske samfunna gjekk i oppløysing og spanjolane sette inn eit hardstyre, stupte fødselstala og folketalet. Sodomien mellom urfolka vart tolka inn i ein altomfattande teori om at amerikanarane var veike.

«Lat det vere vitterleg», heitte det til dømes i ei preike frå 1585, «at grunnen til at Gud har late dykk indianarar bli plaga og forulempa av andre nasjonar, er denne udygda sodomien som forfedrane dykkar dyrka, til liks med mange av dykk i dag».

Dei gamle seksualsystema braut saman i dei amerikanske samfunna samtidig som maktstrukturane og det økonomiske systemet rakna.

.

Kystbyane

Fram igjennom 1500-talet voks det fram bysamfunn på austkysten av Amerika som skulle kome til å få alt å seie for den vidare utviklinga av det samkjønna begjæret i Europa som framleis var organisert og stigmatisert som sodomi.

Det er forska særleg på to område, Veracruz i Mexico og dei moderne delstatane Bahia og Pernambuco nordaust i Brasil. Her held vi oss til Brasil av plassomsyn. Der fann sosiologen og homoaktivisten Luiz Mott fram til det han kallar «ein gay subkultur i Den nye verda [...] minst trehundre år tidlegare enn ‘medikaliseringa’ av den homoseksuelle personen».

Jamvel om kjeldene hans i hovudsak er rettsdokument etter Inkvisisjonen, konkluderer Mott med at denne subkulturen bestod av ein heilt annan type subjekt enn det reint juridiske subjektet som finst i domane.

I det nordaustlege Brasil fanst det portugisarar, lokale urfolk, og afrikanarar. Tilhøva var gunstige for at det skulle oppstå «friare og meir kreative» seksuelle praksisar enn i den portugisiske metropolen. Portugisarane kom frå ein kultur der samkjønna sex vart praktisert i stor skala, men i løynd. Dei andre gruppene i området praktiserte derimot samkjønna sex ope og utan å blygast, både urfolka og afrikanarane.

Mott sjølv kallar eit område i nord nær Paraíba eit «homocampus» der urfolket er «ved tradisjon nudistar, ved val homoerotiske». Mennene frå dei ulike etniske gruppene fann kvarandre, og dei kvite utfalda seg friare og opnare enn i Portugal, iallfall når Inkvisisjonen ikkje var aktiv. Urfolka og afrikanarane kunne leve ut desse normene fritt, sjølv om dei kvite måtte vere meir varsame.

.

Lisboa var ved sida av Roma den europeiske byen som hadde den mest sofistikerte og synlege homoseksuelle subkulturen.

.

Strafferegimet produserte motideologiar i motsetning til den rådande ideologien i samfunnet. Vi veit til dømes at sodomittane utvikla strategiar for å lure Inkvisisjonen når dette trongst, og at somme også lét vere å skrifte for sodomien, sjølv om dette var å gjere seg skuld i enda ei dødssynd. Dette var ein måte å ta avstand på, å uttrykkje usemje, å nekte å ta innover seg domen frå omgjevnadene over det ein gjorde.

Det fanst også enda meir direkte tilløp til alternativ ideologidanning, så som den kolonisten som overfor Inkvisisjonen insisterte på at sex («kopling») mellom ugifte personar ikkje var noka synd. Det er spesielt påfallande at mange av dei som vart skulda for sodomi, gav uttrykk for at dei visste at det var ei synd, men hadde gjort seg opp ei meining om at ho var lite alvorleg.

Med andre ord fanst det i det nordaustlege Brasil eit samfunn som levde etter andre normer enn dei som øvrigheita føreskreiv, eit samfunn der normene hadde andre kjelder enn dei jødisk-kristne tradisjonane.

Det voks altså fram ein ny fellesskap med alternative normer. Dei kvite opplevde å bli integrerte i ein seksuell fellesskap med indianarane og afrikanarane som var opnare enn det dei var vane med. Indianarane og afrikanarane på si side opplevde å bli integrerte i ein seksuell fellesskap med dei kvite der dei ikkje var utsette for like sterk rasemessig utgrensing som dei elles var i samfunnet.

Den livlege trafikken fram og tilbake til Brasil og dei andre koloniane fekk konsekvensar i Europa, først og fremst i Lisboa.

Dokumentasjonen frå Inkvisisjonen viser «utan den minste tvil» at det fanst ein «homokunnskap» og ein «vågal og frenetisk homoseksuell subkultur» i fleire portugisiske byar frå 1500-talet. Lisboa var ved sida av Roma den europeiske byen som hadde den mest sofistikerte og synlege homoseksuelle subkulturen, og der toleransen for denne subkulturen var størst.

I Portugal var sodomien «mykje meir tolerert» enn i andre europeiske land. Dette felles miljøet hadde eigne materielle trekk og eigne åtferdsmønster, og ein grammatikk, diskurs, og kommunikasjonskode som gjorde at dei kunne tale om sine eigne som ein «jurisdiksjon». Sosiologisk kan dei karakteriserast som ei «minoritetsgruppe» som delte grunnleggjande kulturelle verdiar, og dei identifiserte seg sjølve som medlemer i ein særeigen kategori som var annleis enn samfunnet elles.

.

Den livlege trafikken fram og tilbake til Brasil og dei andre koloniane fekk konsekvensar i Europa, først og fremst i Lisboa.

.

Denne kulturen hadde ein infrastruktur, ein «homogetto». Det fanst eit nettverk av private hus der erotiske møte kunne skje, med festing, middagar og spel. I første halvdel av 1600-talet fanst det om lag ti slike hus i Lisboa.

Kyrkjene kunne også vere erotiske møteplassar. Frå 1620 fanst det også eit danselokale. Ein prest heldt eit hus som var så kjent for sodomittfestane sine at det vart heitande «sodomittane sin synagoge», ein term som også hadde ei antisemittisk slagside. Det vart til og med halde venleikstevlingar av same type som moderne Mr. Gay-konkurransar.

Det fanst jamvel tilløp til ei protopolitisk sjølvbevisstheit som kunne kome fram i talane til dei dømde når spelet var avgjort og det var over og ut. Ein prest som vart arrestert for sodomi og blasfemi, kunne til dømes sverje seg til at sodomien «var den lekraste av alle dei syndene som menn visste om. Når ein først var van med han, var det uråd å snu». Miljøet i dei sodomittiske nettverka var fleiretnisk, nett slik som i Brasil. Dette galdt særleg transvestittane, som ofte hadde opphav i Vest-Afrika.

Utanforståande begynte å lese femininiteten symptomalt som grunnlag for å melde dei til Inkvisisjonen. I ei vitneerklæring frå 1620 klaga ein person over dei mange besøka som ein lakei i huset til ein stor adelsmann fekk, og da retta klagen seg spesifikt mot «mange personar av den typen». Ein karmelittfrater som i 1651 søkte om løyve til å vende attende til Lisboa frå eit straffeopphald i Brasil, verka nettopp som «ein person som vart definert gjennom seksualiteten sin», og i den opphavlege tilståinga si frå 1631 formidla han også «ein klart skeiv identitet».

I Lisboa på 1600-talet var den moderne vestlege homoseksuelle mannen i ferd med å bli til. Der og i andre iberiske byar hjelpte eit nytt, kompakt miljø mennene med å finne seksualpartnarar, men prisen dei måtte betale, var å bli identifiserte og marginaliserte.

.

Den første moderne homoseksuelle mannen, den tyske juristen Karl Heinrich Ulrichs, diagnostiserte seg sjølv som «anima muliebris viril corpore inclusa» (ei kvinnesjel i ein mannskropp) i 1868, skriv Stephen J. Walton.

.

Sjøvegen vidare

Subkulturen i Lisboa og dei iberiske byane synest å ha spreidd seg sjøvegen nordover. I 1650-åra begynner dei veldokumenterte mollyhouses å dukke opp i London som arenaer der menn møttest for homososialt samvær og seksuelle kontaktar. Somme av desse mennene kledde seg som kvinner, gav kvarandre kvinnenamn og definerte seg som gruppe ut frå dei seksuelle praksisane sine.

Litt seinare voks det fram homoseksuelle nettverk i Nederland av den same typen. Under den store rekonstruksjonen av maskuliniteten som føregjekk på 1700-talet, vart det slege hardt ned på seksuell intimitet mellom menn, og på mannleg femininitet og genusinversjon som no begynte å bli lesen som eit sikkert symptom på avvikande og ulovlege seksuelle interesser.

Effekten av lovverket var å presse dei feminiserte subkulturane under jorda og skape grobotnen for den sjukleggjeringa av samkjønna sex som den moderne homoseksualiteten tok utgangspunkt i.

Dei tidlege homoseksuelle seksualreformatorane gjekk nettopp ut frå den feminiseringa av den homoseksuelle mannen som var arven etter dei første protohomoseksuelle miljøa på austkysten av Amerika, i Iberia og i dei nordvesteuropeiske storbyane.

Han som har skrive seg inn i historia som den første moderne homoseksuelle mannen, den tyske juristen Karl Heinrich Ulrichs, diagnostiserte seg sjølv som «anima muliebris viril corpore inclusa» (ei kvinnesjel i ein mannskropp) i 1868 i serien med «Forschungen über das Räthsel der mannmännlichen Liebe». Denne tanken vart følgd opp av vitskapsmannen og gründeren av den første homoorganisasjonen, Magnus Hirschfeld.

Amerika gav framskuven til den europeiske moderniteten. Det ser også ut til at møtet med dei amerikanske seksualkulturane i det minste var ein vesentleg faktor for at den førmoderne sodomittiske syndaren etter kvart vart til den moderne homoseksuelle typen. Han vart fødd sjuk. Vi brukte over hundre år på å friskmelde han. Men det er ei anna historie.

.

.

Artikkelen har fyldig litteraturliste og referanseliste som finst i Syn og Segn 1-2022.

Powered by Labrador CMS