’’Ulykkelege, framande og farlege
Ingjald Nissen meinte at homoseksuelle var fullstendig framande overfor det levande livet, og heilt igjennom ulykkelege. Og at homoseksualitet òg er farleg fordi den er grunnforma i alle såkalla hemmelege samfunn. Etter krigen fekk han eit meir nyansert syn.
I store delar av 1900-talet var psykologen og filosofen Ingjald Nissen ei høgrøysta intellektuell stemme i norsk samfunnsliv. Utan tvil var han den av norske forskarar som var mest interessert i homoseksuelle og homoseksualitet, og tok opp temaet i bok etter bok og i fleire artiklar. Nissen utgjer ein vesentleg del av norsk homohistorie, og derfor er det nyttig å kjenne til kva han gjorde og den utviklinga han gjekk igjennom.
Han er i dag mest kjend for bestseljarboka «Psykopatenes diktatur» (1945) som prøver å forklare kvifor Hitler og nazismen kom til makta i Tyskland. Det var også her han for alvor lanserte omgrepet hersketekniske metodar, teknikkar som mannsforbund bruker for å herske over enkeltpersonar eller grupper. I mannsforbund er dessutan homoseksualitet ein vesentleg faktor.
Nissen var ein av dei første som i 1939 blei tildelt autorisasjon til å drive psykoterapi i Noreg. Etter kvart slutta han som terapeut og livnærte seg som forfattar.
1 år Magasin, 11 utgaver i året inkl. digitalt kr 798,-
Bestill her