– Homofili smitter ikke. Men Bygdepride gjør det!

Mandag 15. oktober delte Møre og Romsdal fylkeskommune ut Likestillingsprisen 2018 til Bygdepride.

Publisert

Mandag 15. oktober delte Møre og Romsdal fylkeskommune ut Likestillingsprisen 2018. Prisen gikk til Bygdepride, som arrangeres av Ørsta/Volda Pride.

– Eg er sjølv heilt sett ut. Dette vart stort, sier Rune Sæbønes, styremedlem i Ørsta/Volda Pride.

Bygdepride gikk av stabelen for første gang 11. mai i år i Volda og Ørsta og flere tusen møtte opp for å gå i parade i Volda. I front av paraden gikk leder for Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid sammen med kulturminister Trine Schei Grande, landbruksminister Jon Georg Dale og to svært så fornøyde ordførere fra Ørsta og Volda.

Likestillingsprisen ble delt ut på fylkestingsmøtet i Geiranger 15. oktober og består av et diplom, et kunstverk og 15 000 kroner.

– Tenk: Møre og Romsdal, der folk som var annleis flykta berre inntil for nokre få år sidan - og no oppleve å verte heidra, sier Rune Sæbønes, styremedlem i Ørsta/Volda Pride.

Leder i kultur- og folkehelseutvalget, Marit Nerås Krogsæter, fremførte fylkeskommunens begrunnelse for prisen.

«Fylkesordførar, fylkesting og gode prisvinnar. Likestilling er ikkje noko som kjem av seg sjølv, og ein treng at det offentlege og det private jobbar saman for å nå det målet me alle har, reell likestilling der alle skal ha like rettar og moglegheiter i samfunnet, uavhengig av mellom anna kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet og religion.

Fylkeskommunen har likestilling og inkludering som eit av tre gjennomgåande perspektiv i fylkesplanen for perioden 2017-2020. Dei gjennomgåande perspektiva skal det takast omsyn til på alle innsatsområda i fylkesplanen og i handlingsprogramma for iverksetting av desse. Fylkeskommunen har ei viktig rolle saman med både kommunar og staten i arbeidet med å fremme likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter for alle.

Likestillingsprisen blir delt ut til ein person eller instans som har utmerka seg positivt i arbeidet med å fremje likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter.

Likestillingsprisen er ein diplom og 15.000 kroner, samt eit kunstverk. Årets prisvinnar har sett spor lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er ein organisasjon som har evna å inkludere og forene, og ikkje minst, stått imot meiningar som går på tvers av likestillingstankane våre.

For å sitere ein av dei som nominerte organisasjonen: «Dei har stått opp mot farlige holdninger og meninger i lokalsamfunnet. De har stått for et flott arrangement for å inkludere og vise positive holdninger mot de som kan føle seg utenfor pga. legning»

Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut prisen både for å heidre det gode nybrotsarbeidet og gje inspirasjon til vidare arbeid. Ørsta/Volda Pride vart etabert i 2017, og har som formål å fokusere på lesbiske, homofile, bifile og transpersonar sine rettar i bygdemiljøet.

For å sitere ein av dei som nominerte organisasjonen til årets likestillingspris: «Gode bygdemiljø veit når du trenger hjelp før du veit det sjølv. Gode bygde dei skapar fellesskap der det også er lov å være ulik.».

Ørsta/Volda Pride er ein del av organisasjonen FRI, Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold og sto bak festivalen Bygdepride som vart arrangert den 10.-13. mai i år, og dette er første gang det har vore arrangert eit Pride arrangement i Ørsta og Volda.

Dette er også første gang det har vore arrangert ein Bygdepride-festival i Norge. Ein annan som nominerte organisasjonen har sagt: «Og i dagane etter då unge folk stod fram, og fortalde om heile seg. Då visste vi at noko hadde skjedd.»

Eller som ordførar Jørgen Amdam sa det i sin appell etter paraden i Volda: «Dette er det største hamskiftet i bygdene våre nokon gong!»

Festivalen sette fokus på skeive rettar, kjærleik, mangfald og glede. Innhaldet var mangfaldig med både parade, konsertar, kino og foredrag. Målet med festivalen var mellom anna å vise at Ørsta og Volda er eit lokalsamfunn som viser kjærleik, aksept og mangfald, der alle skal kjenne seg heime, og at ingen skal kjenne at det er nødvendig å flytte fordi ein er annleis.

Møre og Romsdal fylke skal vere opne samfunn som skal ha plass til alle. Bygdepride-festivalen hadde stor oppslutning med om lag 5000 personar, deltaking frå omlag 50 lag- og organisasjonar og hadde med landbruks- og matministeren og kulturministeren i paraden.

Det er svært positivt at landets første Bygdepride-arrangement skjedde i Møre og Romsdal. Arrangementet fikk stor mediedekning både lokalt og nasjonalt og har også inspirert andre til å arrangere liknande arrangement, både i og utanfor fylket.

Igjen må eg låne ord som andre har sagt betre enn meg sjølv: «Aldri tidlegare har det vore eit slikt fokus på å vere skeiv på bygda. Aldri tidlegare har eit Pride-arrangement utanfor dei store byane fått ei slik medeiedekning. Aldri tidlegare har så mange bygdefolk stått opp og vist ei slik støtte for mangfald og aksept for grenselaus kjærleik».

Gratulerer så mykje til Ørsta/Volda Pride og mykje lukke til vidare med arbeidet for meir opne bygdesamfunn rundt om i heile Møre og Romsdal.»

Initiativtager og leder i Ørsta/Volda Pride, Anbjørn Steinholm Frislid, takket for prisen med disse ordene.

«Fylkesordførar, fylkesting og Kultur og folkehelseutvalet.

Tusen takk for likestillingsprisen. Vi er stolte, audmjuke, glade og veldig takksame over denne heideren.

Då vi starta arbeidet med Bygdepride for om lag eitt år sidan, hadde vi inga aning om kva dette arrangementet og dette arbeidet skulle ende i. Det var kanskje ein litt vill ide, ein sprø tanke og lite grann galskap.

Men det var med eit bakteppe med stort alvor. Vi meinte tida no var komen til å vise at også bygda er for skeive. Det var for mange skrekkhistorier om dei som måtte flykte. Det var for mange lesarinnlegg, kommentarar og møte om at det å vere skeiv var noko unaturleg, unormalt og jamvel motbydeleg.

Difor var det med stort pågangsmot vi starta arbeidet med Bygdepride, og vi oppdaga raskt at det ikkje berre var vi som meinte at tida var moden. Vi opplevde ei stor og varm støtte. Folk vart med som frivillige, det melde seg medarrangørar, vi fekk støtte frå det offentlege og private.

Vi rettar ei stor takk til alle dei som hjelpte oss med å lande historia sitt fyrste Bygdepride i Ørsta og Volda.

Bygdepride vart ein suksess. Vi opplevde at over 5.000 var med på dei ymse arrangementa våre over fire dagar desse herlege maidagane. Vi opplevde stor merksemd frå heile landet. Vi opplevde ein aksept over det å vere skeiv som bygdene før aldri har vist. Bygdpride vart eit arrangement mykje større enn oss sjølve.

Vi lukkast å nå fram med hovudbodskapen vår: at bygda skal vere for alle. At ingen skal måtte flykte for å verte akseptert for den dei er.

Homofili smittar ikkje. Men Bygdepride gjer det. Det er utruleg motiverande å oppleve at det i løpet av det siste halve året har kome tilsvarande arrangement andre stader i landet, som på Jæren, på Stord, i Brumunddal, og ikkje minst i Ålesund.

No er vi i gang med eit nytt Bygdepride. Det skal igjen verte ei fin markering i ei positiv ramme om at det er heilt ok å vere skeiv på bygde.

Igjen, tusen takk for heideren.»

Powered by Labrador CMS