Skeiv sommer

– Eg har aldri sett på meg sjølv som eit førebilete

Knut Aastad Bråten meiner han burde engasjere seg meir i skeiv politikk. I sommar har han jobba mye av tida.

Knut Aastad Bråten er kåret til et skeivt forbilde av avisa Nationen.
Publisert

I intervjueserien Skeiv sommer har vi i år snakket med mange av dem som nylig ble kåret til et Skeivt forbilde av avisa Nationen.

Knut Aastad Bråten er kulturhistorikar, folkemusikar og spaltist i Nationen. Som avisa skriv er han også Venstre-politikar. Han har brukt mange av sine tekstar i avisa til å syne korleis det er å vere skeiv på bygda. 

– Kva betyr ei slik utmerking som denne i Nationen for deg?

– Eg vart veldig glad. Eg har aldri sett på meg sjølv som eit førebilete. Eg prøver å vere ein alminneleg og grei kar. Og så er eg homofil. Eg er oppteken av å ikkje kjenne på avgrensing i kvardagen, men at det er mogleg å leve godt og ope, som homo – også på bygda.

– Kva gjer du i sommar?

– Eg jobbar. Eg byrja som ny avdelingsleiar i Gudbrandsdalsmusea i februar. Det er mykje som skjer i musea sommarstid, og difor ventar eg også med ferie. Ein og annan tur har det blitt, mellom anna til Mjogsjøen her i Lesja saman med ein god ven. 

– Vi otra, fyra i omnen, åt og drakk, vi prata mykje tull, vi høyrde garting frå rein og vi såg fem moskus. Eit godt og givande avbrekk i kvardagen.

– Beste sommarminne?

– Somrane med bestemor på stølen. Kanskje var vi der ei veke eller to, bror min og eg. I ettertid kjennest det som ei æve – og eit eventyr. Stølslivet var ei reise tilbake i tida. Alt var så annleis og gamaldags. Her var ikkje innlagt vatn eller straum. Her var ikkje mjølkemaskin. 

– Vi hadde tre kyr, nokre kalvar og ei kvige. Bestemor tok seg av mjølkestellet, ho separerte mjølka, laga ost og rømme. Bror min og eg tok oss av dyra, vi sleppte dei ut om morgonen, tok dei inn att om ettermiddagane, vi rydda og stelte i båsane og vi gjekk med mjølkedunkane til avkjølinga. For ei tid!

– Verste sommarminne?

– Stormen «Hans» var dramatisk og alvorleg for mange. Heime i Valdres gjekk det mange jordras. Her på Lesja fløymde Lågen over og øydela avlingane for fleire bønder. 

– Eg er eigentleg ikkje så oppteken av vêret, men regnet i fjorsommar sette ein støkk i meg. Det var blautt alle stader.

– Likar du spontane turar, eller er du ein planleggar?

– Eg likar båe delar. Eg er ein ordenskar av natur og trivest med kontroll og ei visse om kva som skal skje, men òg at nokon riv meg ut av kvardagen.

– Når eg tenkjer etter er det også dei spontane opplevingane som festar seg og som legg seg på minnet. Ok, då: Vi går for spontane turar.

– Kva skeive saker brenn du for?

– Eg burde engasjere meg meir i skeiv politikk. Som skribent har eg vore oppteken av skeive kvardagar på bygda. Eg bur på Lesja, ein vakker utkant av landet – men og ein utkant med sterke og tradisjonelle kjønnsrolle, ikkje minst innan landbruk, anleggsarbeid og i omsorgssektoren. 

Alt er så synleg i mindre samfunn. Alle ser alle. 

– Eg snakkar gjerne ope med alle om skeive kvardagar, men trur òg på haldningsendring gjennom å ta ein naturleg plass i det samfunnet som ein er ein del av. I skyttarlaget, i landbruket eller kva miljø det måtte vere. Endring kan òg skje utan eit einaste ord.

– Kva les og ser du på i sommar?

– TV orkar eg ikkje, men bøker les eg. Tidleg i sommar var eg med ei gruppe på studietur til Lake District i England. Vi fekk audiens hjå stjerneforfattar James Rebanks. Eg sa ingen ting om at eg ikkje hadde lese bøkene hans, men bestemte meg for å ta grep då eg kom heim. 

– Og difor les eg Sauebondens liv – fortellinger fra den engelske landsbygda. Rebanks skildrar levande eit tradisjonelt bygdeliv, og ikkje minst dei utfordringane som dagens bønder står i.

Favorittsommarlåt?

– Eg vaks opp med pop og jazzballett, men musikksmaken har endra seg ein del dei siste åra. I dag har eg høyrt på alt frå Frode Fjellheim og Björk til Guldimund og Moyka. «Would you be mine» av sistnemnde er så fin, og set heile sanseapparatet i sving. Eg trur det blir årets sommarsong her på Lesja.

Powered by Labrador CMS