Skeiv sommer

– Akkurat no les eg den boka alle burde lese i sumar

Kristin Fridtun framsnakker skeive liv utenfor storbyene. Sommeren skal hen tilbringe på Lillehammer, med familiens pelskledde sjarmtroll.

Kristin Fridtun er kåret til et skeivt forbilde av avisa Nationen
Publisert Sist oppdatert

I intervjueserien Skeiv sommer har vi i år snakket med mange av dem som nylig ble kåret til et Skeivt forbilde av avisa Nationen.

Filolog og forfattercKristin Fridtun er, som Nationen skriver, kjend for å framsnakke mangfaldet i det norske språket. Som transperson og samfunnsdebattant har Fridtun hatt ei viktig stemme i ordskiftet 

Fridtun har vunne ein rekke prisar. Språkprisen i 2019, Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkgledeprisen i 2016. Alt for bøker som handlar om kjønn og toleranse for skeive. 

– Hva betyr enn sånn utmerkelse som denne fra Nationen for deg? 

– Det er stas! Men lista til Nationen kunne godt ha vore endå lengre. Kvar er Bjørn Hatterud?! Brita Møystad Engseth?! Berre sånn for å nemna fleire frå heimtraktene mine. 

– Når det er sagt, er eg glad for at det blir forska stadig meir på skeive liv utanfor storbyane, og at pride blir markert i stadig fleire bygder og tettstader. Ikkje eit vondt ord om byane, men det går an å leva skeivt andre stader òg.

 – Hva gjør du i sommer?

– Eg er ihuga kattelesbe og skal stort sett vera heime på Lillehammer med husstandens to pelskledde sjarmtroll. Det passar meg bra. Kjærleiken min til dyr er sterkare enn reiselysta.

 – Beste sommerminne?

Ingenting slår campingferiane i Sverige med mor og far og systrene mine i 1990-åra.

 – Verste sommerminne?

– Her vel eg å styra unna det mørkaste og går for noko som ikkje var direkte dramatisk, men: Det var ei underleg oppleving å sitja som nyutsprungen homo i juli 2004 og lesa alt det homo- og bi-negative som diverse kjendisar i Noreg lirte av seg då Ove Røsbak gjekk offentleg ut med at Alf Prøysen var bifil. 

– Eg forstod då at tilsynelatande kloke folk kunne ha mildt sagt problematiske oppfatningar om seksualitet.

 – Liker du spontane turer, eller er du en planlegger?

– Haha! Eg er ein planleggjar frå topp til tå. Eg kan godt vera spontan, men berre dersom eg fyrst har planlagt at eg ikkje skal ha nokon plan.

 – Hvilke skeive saker brenner du for?

– Det er framleis mykje å ta tak i. Stoda for transfolk er og blir fortvilande. 

– Ein ting som er mindre akutt, men likevel interessant, er at polyamori er blitt såpass kjent no at det ofte blir lista opp blant dei fæle tinga skeive aktivistar vil «pressa på folk». 

Med ironisk tegnsetting legger hen til: «Kjønnsmangfald og ikkje-monogami, huff og huff»

– Hva leser og ser du på i sommer?

– Akkurat no les eg den boka som alle bør lesa i sumar: «Født i rett kropp» (2024) av Luca Dalen Espseth. Eit viktig og strålande gjennomført folkeopplysningsprosjekt. Det er òg ein tradisjon at eg i ferien sluker eit par av bøkene i klassikarserien til Skald. 

– Elles skal eg nok sjå nokre filmar. På seinsumaren får eg ofte trong til å sjå Twin Peaks.

 – Favorittsommerlåt?

– «Lunch» av Billie Eilish

Powered by Labrador CMS