Kulturtipset

Publisert

– Eg vil slå eit slag for Homofonien sin julekonsert på Elsker 16. desember. Eg har sjølv vore med i koret - ja det er faktisk i år 20 år sidan byrja der, og det er flott at byen har to så pass ulike kor for oss som er litt "annerledes", sier Åsmund Kråkevik. 16. desember har Homofonien julekonsert på Elsker. Homofonien er et blandet kor med 29 stolte homser, lesber og bifile som øver hver tirsdag kveld på Høgskolen i Oslo. Koret tar for seg både klassiske og moderne sanger, ballader og litt mer rocka låter. Målet er å utvikle seg hele tiden, samtidig som det ikke skal bli for avansert. De skal hygge seg med sangen og formidle denne gleden videre til de som hører på. I 2015 fyller Homofonien 25 år og skal holde flere jubileumskonserter. 16. desember kan du høre koret på Elsker i Oslo, der de kvitrer julesanger fra Mariah, Carola, Lennon, Jesus og selveste Gud.Åsmund Kråkevik er styreleder for Oslo fagottkor som har julekonsert i Lilleborg kirke 10-13. desember. Fagottkoret, som så dagens lys i 2004, er kjent for sin humoristiske tilnærming til alle stilarter og dyrker sjangeren musikk-komikk. Ingen sjanger skånes for fagottenes skråblikk. Korets kjepphest er likevel at musikalsk kvalitet alltid skal være fundamentet. Repertoaret er variert. Alf Prøysen bryter gjerne håndbak med Britney Spears og Barbra Streisand diskuterer hårprodukter med Edvard Grieg.– Selve julekonsertene er utsolgt, men vi har fortsatt ledige plasser igjen på generalprøven 9. desember, sier Kråkevik. Kråkevik har 18 års fartstid i NRK, først som kanalvert i NRK2 og siden som programvert i NRK Alltid Klassisk og Tidlig tonefølge. I dag er han vaktsjef for musikkprogrammet Spillerom på NRK P2.

– Hvilken type kulturopplevelser er du mest glad i?

– Eg er så alt for lite flink til å ta del i og oppsøkje kulturelle arrangement i denne byen. Skulle eg brukt meir tid, ville eg ha vore mykje meir på teatret - og mykje meir på klassiske konsertar i konserthuset og på operaen. Norsk jazzscene skulle eg har vore på, Riksscenen, Cosmopolite og mykje anna - for eg er i grunnen ganske open for det meste når det gjeld kulturelle uttrykk. (Vel - ikkje alt - trur ikkje eg nokon gong kjem til å oppsøkje Oslo horse show.) Men eg må innrømme at det eg nok er aller mest glad i er å få meg ein veldig god latter - gjerne latter som set seg fast i halsen fordi tårene sprenger på, som showet «Hei, jeg trenger litt hjelp her, jeg» av og med Helge Ingar Gimle. Fantastisk! Og så elskar eg TV-seriar - fleire favorittar - men vil nemne to: «Damages» med verdas mest kalde og kalkulerte advokat spelt av Glenn Close - OG ikkje minst serien over alle: «Matador» - ypparleg som julekalender med sine 24 episodar. Eg er i gang med ny runde i år. 

– Hva er skeiv kultur for deg?

– All kultur er vel også skeiv kultur - men noko er jo skeivare enn anna. Som det Fagottkoret syslar med. Og Queentastic. Og Great Garlic. Og kunstløp. Men det skeivaste - som ikkje ein gong er tenkt å vere skeivt - er nok Eurovision song contest - som eg elskar! 

– Hva har vært din beste kulturopplevelse?

– Noko som har spikra seg fast i meg og halde taket i meg i over 25 år, er framsyninga Rav med Carte Blanche under festspela i Bergen i 1988. Det var - det ein kan kalle skjelsettande for meg - og den opplevinga har ført til at dans for meg er den mest fullkomne kunstforma eg kan tenkje meg.  

– Hva har vært din verste kulturopplevelse?

– Det var då eg såg «Singin´ in the rain» på Oslo Nye for nokre år sidan. Det skuldast ikkje framsyninga, for den var kjempeflott, men kvelden vart øydelagt av nokre totalt uoppdregne ungar som sat på raden framføre meg. Vel - eg skal heller ikkje leggja skulda på ungane, men på den hersens mora - og den enno verre bestemora som var med. Eg prøvde på ein fin måte å be dei unge roa seg ned. Så då eg sa i frå - vart eg skjelt ut av spesielt bestemora, som kalla meg både det eine og det andre! Det er jo ikkje rart at ungar ikkje veit å oppføre seg ute blant folk når dei vaksne absolutt ikkje kan det. Å gå på teater - eller på kino - er ikkje det same som å sitje heime i si ege stove. NEI ein kan ikkje kommentere alt under vegs - og NEI ein kan ikkje bruke mobilen som om ein sit åleine på rommet sitt. Eg merkar at når eg no tenkjer over dette blir eg fly forbanna og kjempeprovosert. Folk må lære å oppføre seg når ein delar sal med andre. Om dette har eg eitt ord: Toskaskap!

Powered by Labrador CMS