Skeiv sommer

– At nokon prøver å få kvardagen vår til å sjå ut som ein ideologi er skummelt

Kunstner Lars Korff Lofthus er bekymret, men vil likevel feste for livet.

Lars Korff Lofthus er en av våre ledende samtidskunstnere. I arbeidene sine tematiserer og utfordrer han særlig den vestnorske kulturarven og bygdas tradisjoner, eksempelvis når han fyller bunader og ølkar med annen, ofte skeiv tematikk. Lars Korff Lofthus er en av kunstnerne som for tiden er representert på Nasjonalmuseets åpningsutstilling.
Publisert

Tradisjonen tro har Blikk sommerspalte i år igjen. Som regel er den lettbeint, men i år er det vanskelig å ikke adressere skytingen i Oslo 25.juni. Pride ble ikke som vi hadde trodd i år. Hvordan går det med deg?

Eg har det fint no. Men den dagen var absurd. Masse teksting og ringing for å sjekke om våre folk var OK. Og same dag var det jo Tysso pride, som er Hardanger sin pridemarkering. Heldigvis valde arrangørane å gjennomføre og det vart ein veldig spesiell, fin og viktig dag, særlig sidan Oslo måtte avlyse. På kveldsarrangementet var kjærasten min dj og folk festa for livet.

Dj Sigaz AKA Sigurd Ljøen speler på pridefesten i Odda under Tysso pride.

I år er det jo Skeivt kulturår. Så, hva har vært din beste skeive kulturopplevelse til nå?

Kunstnaren John Raustein sin omfattande separatutstilling på Nitja var heilt spesiell. Å vandre rundt i utstillinga var ei sterk kroppsleg oppleving. Arbeidet har mange lag i seg, også det skeive.

Hvilken låt går på repeat hos deg i sommer?

Låta «Fellowship» av artisten Serpentwithfeet er veldig bra. Det var eigentleg sommarlåta mi då den kom i fjor. Men den står seg. Det er ein slags hymne til kjærleiken mellom gode venner.

Hva leser/ser du på i sommer?

Har akkurat lest romanen «Du er bonde» av Kristin Auestad Danielsen. Boka er hysterisk morosam og sær. Samstundes seier den noko veldig presist og vakkert om å vokse opp i eit lite miljø og om å finne sin eigen veg.

Kampen fortsetter! Hva er din skeive hjertesak?

Det er så mykje å ta tak i. Men kanskje sjølve språket rundt det skeive er ekstra viktig no, korleis definerer vi oss sjølve og korleis snakkar samfunnet om oss? At nokon prøver å få kvardagen vår til å sjå ut som ein ideologi er skummelt.

Powered by Labrador CMS