Svett på Nett: Heidi Marie Vestrheim

Publisert

Heidi Marie Vestrheim skal bli smidd i hymens lenker og benytter sommeren til å legge bryllupsplaner.

Alder:

33

Gjer til dagleg:

Programleiar på NRK Super og artist.

Akkurat no befinn eg meg?

Heime i Oslo.

Kor svett er du akkurat no?

Mykje meir svett enn den månaden eg var på vestlandet no nettopp. Østlandet har jo varmare og betre vær.....berre for å snakka om været altså.

Kor skeiv er sommaren din?

Ganske skeiv. Eg skal gifte meg, og planlegg bryllup.

Ditt sommarparadis?

Hardanger. Sjølvsagt.

Her dreg eg aldri tilbake?

Fullmånefest i Thailand på Koh Phangan. Heilt maksimalt dårleg stemning blant paranoide backpackarar på dop.

Beste sommarlåt?

Mikrobandet med deira cover av John Olav Nilsen og gjengens "Valiumsvalsen".

Kva les du?

Om sommaren, kun sladreblada C! og D! Men C! er betre for der er det berre masse bilder av kjendisar og lite skrift. Dei gidd ikkje å skrive reportasjar slik som D!....eller var det C!? ...Dei er igrunnen ganske like.

Din heitaste sommarflørt?

Når venninna mi, Alberte og eg traff Johnny Logan og song "Hold me now" høgt saman med han. Det lyste lidenskap av augo hans. Dette var tidleg på 90-tallet.

Kven ville du helst hatt med deg på den øde sommarøya?

Lindsey Lohan. Då hadde ho blitt heilt avrusa. ...og heilt lesbisk.

Mat og drikke?

Grill og Cola.

Kva er du minst opptatt av om sommaren?

NRK-nøkkelkortet mitt som eg slit med å hugse å ta med meg kvar dag på jobb.

Favoritt fritidssyssel om sommaren?

Fisking og båt.

Kva badar du i?

I sjøen. Helst uten klede.

Klarer du verkeleg å slappa av?

Ja. Det er lett! Sjølv om eg er online og svarar på epost og slikt, tar eg det meir i eige tempo på sommaren.

Kor homopolitisk føler du deg om sommaren?

Eg føler meg like homopolitisk heile året.

Powered by Labrador CMS