Svett på nett: Sigrun Sæbø Åland

Publisert

Den ferske redaktøren i radiOrakel skal sørge for å få med seg radiokanalens skeive kulturmagasin hver torsdag i hele sommer. Navn: Sigrun Sæbø Åland

Alder:

24

Gjør til daglig:

Ansvarleg redaktør på radiOrakel fm 99,3.

Akkurat nå befinner jeg meg:

Kontoret på radiOrakel.

Hvor svett er du akkurat nå?

Eg er nydusja og ute er det kaldt, så er ikkje sveitt i det heile.

Hvor skeiv er sommeren din?

Sommaren min er relativt skeiv, eg har vert på pride house og skeive dagar og ska høyre på radiOrakel sitt skeive kulturmagasin "katt og kompass" kvar torsdag mellom 16 – 17. Ellers trur eg eigentleg hausten vert den skeivaste årstida med Oslo Queerfestival frå 22 – 25 september.

Ditt sommerparadis?

Heimstaden min Nordfjord er utan tvil mitt sommarparadis. Her kan ein surfe på Stadt, stå på snowboard på sommarskisenteret i Stryn, samt besøkje verdas flottaste musikkfestival, Malakoff på Nordfjordeid.

B

este sommerminne?

Eg er glad i å surfe og plar alltid å reise på surfeturar når eg har ferie. Vanskeleg å velje eit konkret minne, men det må verte ein av desse turane.

Hit drar jeg aldri tilbake?

Veit ikkje heilt, alle stadar fortener vel ein ny sjanse?

Beste sommerlåt?

Razika – Aldri (Souldrop remix).

Hva leser du?

Eg er i full gang med å skrive mastergrad om dagen, noko som betyr at eg aldri verken har tid eller samvit til å lese noko anna enn faglitteratur. Men Judith Bulter sin Gender Trouble er ein skeiv klassikar eg alltid vender attende til.

Hvor smaker utepilsen best i sommer?

I sommar smakar utepilsen utan tvil best på Hovudøya, eventuelt på Øyafestivalen.

Din heteste sommerflørt?

Min heitaste sommarflørt er ei stilig dame som heiter Kaja.

Hvem ville du helst hatt med deg på den øde sommerøya?

Sommarflørten min såklart. I tillegg ville eg gjerne teke med gjengen på radiOrakel samt kanskje eit band eller to slik at vi hadde underhaldning.

Mat og drikke?

God mat og drikke er topp stemning. Eg er særskilt glad i vegetarisk mat, men sidan det er sommar må eg nesten trekke fram sjømat som ein favoritt. Reker på grillen og kvitvin kanskje?

Hva er du minst opptatt av om sommeren?

Straumforbruk og varme klede.

Favoritt fritidssyssel om sommeren?

Radio, musikk, sykkel og sufring, nett som resten av året.

Hva bader du i?

Helst ingenting, men bikini om eg må.

Klarer du virkelig å slappe av?

På søndagar greier eg verkeleg å slappe av. Ellers har eg som regel tusen ting som skjer, men eg likar at ting er litt hektisk.

Hvor homopolitisk føler du deg om sommeren?

Sommaren er ganske homopolitisk, men hausten vert definitivt den mest homopolitiske årstida med tanke på Oslo Queerfestival.

Hvem unner du et realt mageplask i sommer?

Det er kanskje litt usympatisk å svare Siv Jensen sidan ho allereie har skada ryggen i sommar, men sidan eg ikkje kjem på nokon som fortenar det meir må det verte ho.

Powered by Labrador CMS