Svett på nett: Torill Frøise

Publisert

Torill Frøise innledet sommeren med å gifte seg, men er fristet til å ta med seg Sigvart Dagsland på den øde sommerøya.

Alder:

38

Gjør til daglig:

Nestleiar LLH Bergen og Hordaland/organisasjonsnerd i høgskulesektoren.

Akkurat nå befinner jeg meg?

Heime i sofaen Askøy

Hvor svett er du akkurat nå?

Ikkje så veldig, sidan sommaren på vestlandet har vore ganske skuffande til no. Blei vel litt svett då eg såg ein del av spørsmåla her.

Hvor skeiv er sommeren din?

Eg innleia sommaren med å gifte meg, så eg vil si at den starta ganske skeivt. Med det påfølgande LLH-landsmøtet og deretter nytt homobryllup haldt skeivheita seg godt oppe. På privaten er eg nok like skeiv uansett årstid.

Ditt sommerparadis?

Melbu i Vesterålen der eg var omtrent kvar sommar som barn. Og Stavanger.

Hit drar jeg aldri tilbake?

Fortun i Sogn og Fjordane der vi hadde eit litt for langt opphald i sommar. Moralen må vere: ha alltid ekstra viftereim og kløtsj med på langtur!

Beste sommerlåt?

"Fri" med Sigvart Dagsland.

Hva leser du?

Bøkene til Haruki Murakami er perfekt sommarlektyre, elles går det mykje i aviser.

Din heteste sommerflørt?

Hm. Det må vere ein eller annan turist i stavkyrkja når eg var guide.

Hvem ville du helst hatt med deg på den øde sommerøya?

Eg har lyst til å svare Sigvart Dagsland, men er kanskje litt programfesta til å svare "kona mi".

Mat og drikke?

Sushi og Hoegaarden (kvitt øl). Helst i små glas.

Hva er du minst opptatt av om sommeren?

Snø, kulde og vinter.

Favoritt fritidssyssel om sommeren?

Croquet i hagen saman med min betre halvleik og småsysken. Dessutan er det ganske forfriskande å klyppe plenen. Dette har eg dog ikkje sagt til den andre pleneigaren, det er greitt å tene nokre enkle stjerner i boka!

Hva bader du i?

Sjøen dersom temperaturen tillet det.

Klarer du virkelig å slappe av?

Har vorte flinkare til det med åra, men kunne nok aldri hatt ein jobb som krev meir enn tre veker samanhengande ferie.

Hvor homopolitisk føler du deg om sommeren?

Stort sett like homopolitisk som resten av året til tross for ein liten pause i organisasjons- og møteverksemd.

Powered by Labrador CMS