Meninger

– Eit forbod mot prideflagg er ikkje nøytralitet. Det er feigskap

Alexander Papas, 2. kandidat til Stortinget for SV i Hordaland, reagerer kraftig på at KrF og KrFU vil forby regnbueflagging i skulen.

– Det handlar om kva slags samfunn me vil vera, skriv Alexander Papas
Publisert Sist oppdatert

Eit fleirtal i landsstyret til KrF vil forby pride-flagget på norske skular, og kallar det «nøytralitet». Men det er ikkje nøytralt å snu ryggen til dei barn og unge som treng fellesskap, tryggleik og anerkjenning.

Å fjerna pride-flagget frå skulegardane er ikkje å skapa ro. Det er å gje etter for dei kreftene som vil gjera skeive usynlege – og som helst skulle sett at dei ikkje eksisterte.

KrF og KrFU meiner eit forbod vil hjelpa skuleleiarar ut av ein vanskeleg situasjon. Men viss nokon kjenner på ubehag fordi eit prideflagg vaiar i skulegarden, så er det ikkje flagget som er problemet.

Det er haldningane til dei som klagar. Det er dei me må utfordra, ikkje dei som står opp for eit meir ope, fritt og mangfaldig samfunn.

Me veit at openheit, synleg støtte og symbol som pride-flagget betyr noko.

For mange barn og unge betyr det forskjellen på å kjenna seg trygg – eller å kjenna seg åleine. 

Å ta vekk det flagget er ikkje eit nøytralt val. Det er eit val som sender eit iskaldt signal til dei som allereie står i motvind. Og det burde ikkje eit einaste parti bygd på kristne verdiar, vera med på.

Dette handlar ikkje berre om skeive barn og unge. Det handlar om kva slags samfunn me vil vera.

Når me viser at det er plass til alle, så byggjer me fellesskap og tryggleik for alle. 

Eit samfunn der folk tør å vera seg sjølve og der folk respekterer kvarandre for den dei er, er eit samfunn der alle har det betre. 

Pride-flagget er eit symbol på nettopp det. 

Eg håpar at landsmøtet til KrF stemmer ned dette forslaget.

Powered by Labrador CMS