Meninger

– Ikkje spre løgner om kva det betyr å heise eit flagg som kan vere den store forskjellen for dei rundt deg

Isabel Jensen Hem-Grindheim skriv at litt for mange gonger må vi kjenne på den ekle kjensla av at det er så viktig for andre å vise avsky at dei øydelegg andre sine ting, gjer hærverk, gjer noko ulovleg. 

– Det er for mykje løgn, for lite sanning, skriv Isabel Jensen Hem-Grindheim
Publisert

Dette innlegget ble først publisert i Firdaposten. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et innlegg, kan du sende det hit.

Det er litt mange som meiner det blir litt mykje, som kommenterer på alle regnbogefarga innlegg med at det blir for mykje. Det er litt for mange som allereie i mai varslar at det kjem snart til å bli juni og då BLIR det litt mykje. For mykje fargar? For mykje glede? Too gay?

Det blir litt for mange øydelagde pride-flagg. Litt for mange gonger må vi kjenne på den ekle kjensla av at det er så viktig for andre å vise avsky at dei øydelegg andre sine ting, gjer hærverk, gjer noko ulovleg.

Det er litt for mange som vågar å sei det som «ingen vågar» å sei lenger, sidan dei ikkje har ytringsfridom lenger. Dei som skriv i avisa om kor fælt det er for dei med pride-månaden. Litt for mange kommentarar om at dei ikkje lenger får sei det dei meiner, før dei seier det dei meiner.

Det er for mykje løgn, for lite sanning. Det er for mange som finn på eigne sanningar og alt for mange som trur på dei, og som anten seier dei vidare eller endrar dei til noko «litt verre» før dei deler det med naboen, ungdommane eller i alle kommentarfelt dei finn.

Det er alt for mange som ikkje trur på oss, eller som ikkje lyttar til oss. Som ikkje trur vi finnest.

Det blir for mange truslar. For kort tid sidan det vart utført eit terroråtak mot oss. For lite tid til å kjenne seg trygg att, før pride-flagg blir brent og folk ler av at transpersonar blir drept for å vere seg sjølv.

Det er for mange som trur at å lære skeive barn at dei finnest, betyr at vi gjer dei skeive. Som trur at vi kan konvertere dei. Som trur at vi vil det. 

Det er for mange som kallar det grooming når vi vil at barn skal føle seg trygge. Som trur vi overtalar barn til å bli trans.

Det er for mange barn og unge som brukar «jævla homo» som skjellsord, uvitande om at kompisen kanskje er skeiv. Det er for mange unge skeive som er redde.

Det er for mange kommentarar som er for dryge. Som gjer oss triste. Sinte. Redde. 

Det er for mange som ber oss holde oss unna barn, som seier vi er pedofile, som kommenterer korleis vi ser ut eller kallar oss forstyrra. Grisar. Som seier at vi går i fetisjtog. At hjernen vår er spist opp av regnbogen. Det blir litt mykje å ta inn.

Det er for mykje som må bli betre slik at det skal vere trygt for skeive barn å vere barn, å bli ungdom og vaksne. For mykje som gjer at det kjennest ut som vi, fordi vi er skeive, gjer livet til barna våre mindre trygge. For mykje som gjer at pride-flagget er naudsynt. Framleis.

Det er for mykje hat. Men det er endå meir kjærleik.

Blir det for mykje pride for deg, seier du? Så lær å oppføre deg, då. Ver hyggjeleg. Lytt til oss. 

Ikkje øydelegg. Ikkje fortel korleis vi skal leve livet vårt. Ikkje skriv «pedo» og emojiar med oppkast. Ikkje snakk slik at barn og unge blir utrygge. Ikkje spre løgner om kva det betyr å heise eit flagg som kan vere den store forskjellen for dei rundt deg. 

Snakk med ein transperson. Lær. Av oss og med oss. Opne sinnet ditt. Kanskje du til og med vil vere med på festen neste år?

For det kan du, viss du vil.

Og viss ikkje kan du trøyste deg med at det er nokon månader til neste gong. Vi andre kjempar kvar einaste dag, og det er mykje som gjer det naudsynt.

Powered by Labrador CMS