Skeiv historie

«Treng meir forsking»

«Vi har arkiva, men det meste er ikkje forska på. I ein situasjon prega av kunnskapsmangel blir det lett til at ein anten rosemålar eller svartmalar», skriver Line Grønstad, førstebibliotekar og faglig leder i Skeivt arkiv.

Kim Friele.
Publisert Sist oppdatert

Dette er et debattinnlegg. Teksten står for skribentens regning.

Kjersti Botnedal tar opp spørsmål om rolla til arkiva i ein kronikk i Aftenposten, tilknytt tematikken haldningar til pedofili i homorørsla på 1970- og 80-talet. Skeivt arkiv sitt primære oppdrag er å ta vare på arkiv knytt til lhbt+-historie og gjere dei tilgjengelege for forskarar, studentar, journalistar og allmenta.

Sidan initiativet til opprettinga av Skeivt arkiv blei tatt i 2012, har vi berga ein stor mengde materiale som elles ville gått tapt. Det som gjer at vi i dag har eit meir fullstendig bilete av homorørsla sitt forhold til pedofile grupperingar frå 1970- og 80-talet, er historikarane Peter Edelberg og Åsmund Borgen Gjerde si forsking. Og Pål Vegard Hagesæther sitt arbeid med å grava fram denne historia for Aftenposten.

Forfattar og kunstkurator Bjørn Hatterud skreiv også om dette i 2010, utan at det førte til særleg merksemd rundt temaet. Alle desse har gått inn i tematikken basert på kjeldestudiar. Med dette er dei nokre av dei første som ser på kjeldene knytt til den norske homorørsla sitt forhold til pedofili, men også til homorørsla si historie på 70- og 80-talet.

Vi har arkiva, men det meste er ikkje forska på. I ein situasjon prega av kunnskapsmangel blir det lett til at ein anten rosemålar eller svartmalar.

Historikaren Peter Edelberg håpar i ein artikkel i Blikk at debatten om denne saka kan føra til ein meir nyansert lhbtq+-historie. Vi sluttar oss til det: Tida er inne for at samfunnets omgang med den skeive historia går frå kritikklaus hylling til kunnskapsbasert historiemedvit.

Denne kronikken ble først publisert på aftenposten.no

 

 

Powered by Labrador CMS