Meninger
– Verdiliberale veljarar bør vere bekymra
I staden for framgang har 2024 vist ei verd der høgrepopulisme veks, demokratiet svekkast, og politiske parti flørtar med ekstreme idear. Kva betyr dette for framtida til Norge?
2024 skulle vere demokratiet sitt år. «3,7 milliardar veljarar. 72 land. Styrking av demokratiet og god styring i 2024» er overskrifta på demokrati-temasida til FN sitt utviklingsprogram.
Det er ikkje sånn året blei. Det er færre demokrati i verda. Autoritære leiarar har vunne val og populismen har festa si klamme hand rundt etablerte og velfungerande demokrati.
I Europa er det høgrepopulismen som har hatt størst framvekst. Her heime er det Framstegspartiet (FrP) som tradisjonelt har vore faneberar for høgrepopulismen, men dei siste åra har vi sett Senterpartiet (SP), Høgre (H), og i det siste også Kristeleg folkeparti (KrF) sette ut snøre i den høgrepopulistiske dammen.
Eg er uroa for kva det norske samfunnet kjem til å betale for at dei politiske partia tek desse ideane inn i varmen igjen.
Ein generasjon på kanten
Livet på internett har gjort noko med dei to yngste generasjonane våre. På den eine sida er dei flinke til å samarbeide og er redde for å seie ting som kan få andre til å kjenne på ubehagelege kjensler. På den andre sida er dei lei av kanselleringskultur og er opptekne av ytringsfridom.
Det er der full splitt mellom kjønna, du finn som regel jentene i den første gruppa og gutane i den andre gruppa. I tillegg har dei ein rå humor, og då meiner eg ikkje at den er god. Den er grensesprengande. Det er funn frå UNG25-undersøkinga.
Dei unge ønsker seg eit betre debattklima, der det er lov til å debattere utan å «møte ein skitstorm av usaklege angrep», hevda Marianne Wille Syvertsen frå Opinion på Lektorkonferansen i fjor haust.
Ho problematiserte dei unges forståing av ytringsfridom. Dei trur at dei kan si kva ein sjølv vil, utan å få kritikk eller bli kansellert.
De seier humoren er viktig for dei. Dei likar å le av folk som gjer eller seier dumme ting. Jentene er litt meir vare på at dette trugar sosiale relasjonar, mens mange av gutane vil ha humoren så dryg som mogleg. Humoren er måten dei tar brodden av at dei synes den humoren er gøy.
Åtferda er ikkje avgrensa til sosiale medium. Ungane i Osloskolen «roastar» kvarandre. Dei har henta dette frå underhaldningsfenomenet der ein komikar er æresgjest og andre komikarar tvetydig prisar æresgjesten. Poenget med øvinga er å balansere på grensa for kva som er sosialt sømmeleg. Når ungar som er uttrygge på seg sjølv skal roaste kvarandre er det mobbing kamuflert som moro. Ungdommane blir redde og triste midt i fasen der dei skal bygge sin eigne identitet og lære seg reglane for sosial omgang.
Desse ungdommane har vakse opp med reality-TV, der folk gjer eller seier dumme ting. Dei sjår mengder med TikTok-videoar. Algoritmane på TikTok pressar på dei innhald som blir meir og meir ekstremt etter kvart som dei samhandlar med innhaldet. Likar du Jordan Peterson, då skal få sjå kva Andrew Tate har å si!
Dei brukar mykje tid på å spele samen på nettet. For ti år sidan viste Gamergate oss korleis gutar i spelverda angrip dei kvinnelege medspelarane sine på andre sosiale arenaer. Det vart ein debatt, men inga varige endringar i den sosiale kulturen i spillverda, skreiv Andreas Bjørnbekk frå Gamer.no nyleg i Aftenposten.
Det er interessant å sjå korleis skildringa hans om den kjønnsdelte ungdomskulturen er å finne i UNG25-undersøkinga.
Kjønn og seksualitet
Carline Tromp skildrar den nye høgresida som ein transnasjonal og pålogga rørsle. I boka Kulturkrig skriv ho at det nye høgre er opptekne av metapolitikk, dei vil påverke utanfor dei tradisjonelle politiske arenaene. Høgrepopulistane treff ungdom på dei digitale arenaene, og det er der denne ungdomsgenerasjonen har lært seg å være «edgelords», eller kantkakser som dei kallar det på norsk.
Ein kantkakse er nokon som vil imponere eller sjokkere med avvisande eller ekstreme meiningar. Dei unge gutane har tatt med seg denne åtferda over i den analoge verda. Dette er gutane som SP, Høgre, FrP og KrF forsøkjer å lokke til seg med dei nye, høgrepopulistiske grepa sine.
Nils August Andresen, ansvarleg redaktør i Minerva har gjort fleire forsøk på å omfamne dei unge sin humor. I mai publiserte han sin eigne tekst med overskrifta Foxtrot elsker Narko-Simen – og forbudslinja. Ein time seinare følgde han på med eit dikt over same lest på X. Slik ser det ut når 100-åringen Minvera vil kantkakse som 9-åringen Subjekt.
På den norske kulturkrigsstien til høgresida har FrP har prøvd seg med imamsleiking og integrering på gullstol, men nasjonalisme og framandfrykt har ikkje vore effektiv nok. Derfor har kjønn og seksualitet blitt den viktigaste arenaen for kulturholmgangen, igjen.
Først kom innspel om at Pride var farleg for barn, og at skeive ikkje trengte å vere så synlege. Allereie der var grensa kryssa for kva den verdiliberale høgresida kunne tolerere, men dei verdikonservative haldt fram. Påstandar om at Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold var ein organisasjon som fremma ein radikal ideologi og at det berre finst to kjønn.
Så kom angrepa 25. juni. Sjølv ikkje det var nok til stoppe dei mørkaste mørkemenna i KrF og dei mest fruktbare kalvejordmødrene i SP. Åtak på Pride var ingen grunn til å stoppe marginaliseringa av skeive.
Politiets tryggingsteneste sa at åtaka var retta mot skeive allereie i 2022. Dei er bekymra for auka truslane mot skeive, og peikar på flaggbrenning og netthat. Same dag som rettsaka mot skytaren frå 25. juni, syntes Andresen at det var greitt å spekulerte i om skeive eigentleg ikkje var målet likevel.
Ein må jo få lov til å stille spørsmålet, forsvarte han seg med. Det er det dei alltid gjer, forsvarar seg med at det må vere lov å spørje, eller at «det berre var eit forsøk på vere morosam.» Kantkaksane sitt forsvar når dei har gått for langt og får motstand.
Samstundes gjekk debatten om korleis gutane i likestillingslandet Norge vart svikta, om tidleg skolestart, teoretiske yrkesfag og skjerm på skolen som øydela for gutane. Gutane blei taparar før dei kom seg gjennom skolen og gjekk rett på NAV-ing for livet. I det høgrepopulistiske sinnet kan ein ikkje ha slik veikskap. Norske kvinner må føde fleire barn. Norske menn er staute karar som dyrkar landet, og brødfør familien sin.
Kjønn, seksualitet og nasjonalisme heng saman.
Høgrepopulismens logiske endestasjon
Sjølv om ikkje alle dei som flørtar med høgrepopulismen avskyr muslimar, innvandrarar, feministar, skeive og veike, verdiliberale politiske elitar, så veit vi kor flørten med høgrepopulismen endar til slutt. Høgrepopulisme er verdikonservatisme. Om ein føljer desse ideane til den logiske sluttenda, endar me på høgresidas fascisme.
Fascisme er eit av dessa orda som vi ikkje liker i norsk offentlegheit. Vi trudde at desse ideane hadde døyd ut i Norge etter krigen. Omtrent i tida då Donald Trump vart vald inn som president første gong, fekk tilhengarar av ideane til folk som Thomas Carlyle, Carl Schmitt, Oswald Spengler og Johann Fichte mot til å ta fram desse ideane i den større norske offentligheita. To av desse tenkarane sto å Minerva sin kanon for høgresida. Ideane var ikkje borte, dei hadde vore der heile tida.
Det er kanskje fordi dei trudde ideane var borte at så mange i den store norske offentlegheita snublar i orda sine når dei skal snakke om fascisme. Alle definisjonar vi har lært er ullene og runde. For eksempel bruker Store Norske Leksikon denne definisjonen:
«Fascisme er politiske ideologiar som legg sterk vekt på nasjonens betyding og eining, i tillegg til eit autoritært, førarbasert og diktatorisk styre innåt og ein imperialistisk eller irredentisk haldning utåt.»
Irredentisk betyr at ein vil ta tilbake tapte landområde, forresten. Eg måtte slå det opp sjølv.
Når elevar spør meg kva fascisme er for noko brukar eg å gje dei definisjonen til religionshistorikar og professor på Menighetsfakultetet, Torkel Brekke: «Fascismen hevdar at vald er noko som skapar det nasjonale fellesskapet, den er positiv og identitetsskapande. For fascismen er det meiningsløyst å hevda at ein må skilje mellom skuldige og uskuldige blant nasjonens fiendar.»
Fascisme er bruken av politisk vold til å skape nasjonalt fellesskap og identitet. Verre er det altså ikkje. Den verdiliberale høgresiden eg høyrer til på kallar desse ideane høgrekollektivistiske idear. Dei har ei kjent idéhistorie, og dei har ein kjent politisk metode som vi ser i den autoritære og populistiske høgresida i Europa no.
Den amerikanske historikaren Timothy Snyder har skrive om metoden deira. Først tek ein makta gjennom legitime val. Når ein først har fått makta, så må ein hole ut dei demokratiske institusjonane. Partiet for lov og rettferdighet i Polen og Orban i Ungarn har vist oss korleis ein gjer det. Putin køyrer same metode i Georgia no.
Ein lov om utanlandske agentar til å slå beina under frivilligheita, forbod mot «skeiv propaganda», peike ut lojalistar i viktige stillingar og ein lov som svekker domstolane sitt sjølvstende er startpakka. Det er ein grunn til at Stortinget vedtok ei grunnlovsendring som skal sikre sjølvstende for domstolane i mai.
I boka Om tyranni skriv Snyder om kor viktig det er at folk held fast ved integriteten sin i slike tilfelle. Etisk og profesjonelt. Eit av dei viktigaste punkta til Snyder er at vi må ta ansvar for den offentlege samtalen, kvar og ein av oss. Vi må ikkje finne oss i at språket blir råare, at ein tillét at symbol på hat blir vanleg og ikkje vågar å vise personleg mot.
Kulturkrigarane på høgresida treng eit «vi» og dei treng nokon som kan vere «dei andre.» Nokon må vere fiendane av nasjonen. Skeive har vore ein av dei fiendane, mange gonger i historia. Jødar òg. Andre grupper som har vorte testa ut dei siste tiåra har vore kulturmarxistar, muslimar og innvandrarar.
Fem terroråtak har vi hatt, der angriparen har vore inspirert av ein eller anna versjon av desse ideane. 22. juli, 25. juni og 10. august. Terroristane som angrep 22. juli og 10. august fekk til to åtak på same dag, så dei det er rett å telje dei to gonger kvar. Nynazistgrupper som Active Club Norway trenar opp folk som dei tenker skal ha rolla som paramilitære styrker, ein gong i framtida. Vegen frå idear til politisk vald er direkte.
KrF, partiet utan hjarte
KrF med Dag-Inge Ulstein som leiar er det siste partiet som har hive seg på den høgrepopulistiske bølga. Det er litt rart at dei har gjort det. KrF vil gjerne vere partiet med det store hjartet i norsk politikk. Partiet kunne ikkje velje mellom «Ansvar for kvarandre», «Saman for menneskeverd» og «Røyst med hjartet» på framsida av programmet som den nåverande stortingsgruppa arbeidar etter. Dei tok med alle tre. Det har ikkje stoppa partiet si leiing frå å hive seg inn i den pågåande kulturkrigen med både hjarte og nyrer.
Nå skal dei «Sikre at skulen legg ei biologisk kjønnsforståing til grunn for undervisinga. Undervisinga bør skje utan bruk av eksterne miljø- og interesseorganisasjonar. Erstatta kurs for skule- og barnehagetilsette i regi av organisasjonar med kurs frå offentlege institusjonar som sikrar ei fagleg fundert undervising.» Det høyrast så tilforlateleg ut, men i verkelegheita seier dei at dei vil overstyre den profesjonelle vurderinga til både helsepersonell og pedagogisk personell.
Desse tre små setningane på side 11 i utkast til det nye partiprogrammet Trygghet for kvardagen er ekstreme i norsk forvaltningshistorisk samanheng. Det er ikkje noko anna å si om det.
Det overraskar meg ikkje at dei har hamna der, når partiet først tore å omfamne den verdikonservative understrømminga som har haldt fram sjølv når Svarstad Haugland og Bondevik bygde partiet stort og sterkt på å nå kvinnelege sentrumsveljarar. Torkel Brekke har skrive om dei kontaktane med kristenradikalar i boka Gud i norsk politikk. Dagbladet hadde fleire rundar med avsløringar på 2000-talet. Fleire i Krf deltek i det verdsomspennande kristne nettverket for menn med makt som er skildra i dokumentaren The Family på Netflix.
Vi bør vere på vakt når partiet gjer eit slikt voldsamt verdihamskifte. Dei har gått frå å vere partiet med det store hjertet til ei politikk som er bøllekultur satt i system. Eg trudde partiet hadde gjett lause kanonar i lokalpolitikken ansvaret for å løfte dette signalflagget ein gong i blant, men no har Ulstein sveipa heile partiet i signalflagget. Den verdikonservative omvendinga av norsk politikk fullenda.
Verdiliberale veljarar bør vere bekymra
Høgrepopulismen frå USA og Europa har ikkje berre kome til Norge, den har allereie tatt seg godt til rette i offentlegheita vår. Dei som er unge nå har vore utsett for denne kulturen i årevis, utan rettleiing. Dei er van med den omsorgslause og grove samtaleforma no. Dei krev at resten av den norske offentlegheita skal gjere rom for ein slik samtaleform. Når dei etablerte partia har omfamna kravet til dei unge gutane, for dei vil ha røstene deira, er den norske offentlegheita i stor fare.
Vi har allereie sett korleis skeive igjen har vorte målskiver for meir trugsmål, hets og vald. Vi kjem til å leve i et ganske annleis Norge framover om ikkje dei verdiliberale partia og dei verdiliberale veljarane slår ring om mangfaldet, inkluderinga og toleransen. I det nye Norge er det berre plass for dei rettroande, og vi veit at det er «meiningsløyst å hevde at man må skilje mellom skyldige og uskyldige blant nasjonens fiendar.»